Borgarkrigstida
| Borgarkrigstida | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Birkebeinane som fraktar Håkon Håkonsson over fjellet er ei kjend soge frå Borgarkrigstida. |
||||||||||
|
||||||||||
| Partar | ||||||||||
| Kommandantar | ||||||||||
| Styrkar | ||||||||||
| ? | ? | ? | ||||||||
| Tap | ||||||||||
| ? | ? | ? | ||||||||
Borgarkrigstida er ei nemning på kampar om makta i Noreg mellom 1130 og 1240.
Borgarkrigstida kan delast inn i tre fasar:
1. Sporadiske stridar mellom nær skylde kongsemne, frå 1130 til om lag 1160. 2. Omfattande kampar mellom ulike kongsemne, om lag 1160 til 1184. 3. Birkebeinane nedkjempa opposisjonen frå kyrkja og ulike opprørsflokkar, 1184—1240.
Byrjinga på borgarkrigstida går attende til då Sigurd Jorsalfare døydde i 1130. Makta vart delt mellom tre søner som heldt kvar si hird. Nye kongsemne, som hevda å vera kongssøner, kom og gjorde krav på kongsnamn. Etter kvart utvikla stridane seg til open strid mellom ulike flokker, ma. lendmannspartiet, birkebeinane og baglarane. Kong Sverre utrudde dei fleste av lendmennene og konsoliderte makta si, men møtte ny motstand frå kyrkja og erkebiskopen i Nidaros, Øystein Erlendsson. Son til Sverre, Håkon Sverresson, inngjekk forlik med kyrkja, men døydde etter kort tid. Håkon Håkonsson vart vald til konge i 1217, og tidleg i hans regjeringstid stilna motstanden.
[endre] Norske kongar og tronkrevjarar i borgarkrigstida
I lista er tronkrevjarane markert med eit ekstra innrykk. Desse vert vanlegvis ikkje rekna med i den norske kongerekkja.
- Magnus IV (Sigurdsson) Blinde (1130–1135)
- Harald IV (Magnusson) Gille (1130–1136)
- Sigurd Magnusson Slembe : 1135–1139
- Sigurd II Munn (1136–1155)
- Inge I (Haraldsson) Krokrygg (1136–1161)
- Øystein II Haraldsson (1142–1157)
- Håkon II (Sigurdsson) Herdebrei (1157–1162)
- Magnus V Erlingsson (1161–1184)
- Sigurd Sigurdsson Markusfostre : 1162–1163
- Øystein Øysteinsson Møyla : 1174–1177
- Jon Ingeson Kuvlung : 1185–1188
- Sigurd Magnusson : 1193–1194
- Inge Magnusson : 1196–1202
- Erling Magnusson Steinvegg : 1204–1207
- Filippus Simonsson : 1207–1217
[endre] Sverreætta
- Sverre Sigurdsson (1177–1202)
- Håkon III Sverresson (1202–1204)
- Guttorm Sigurdsson (1204)
- Inge II Bårdsson (1204–1217)
- Håkon IV Håkonsson (1217–1263)
- Skule Bårdsson : 1239–1240
