Sigval Bergesen d.y.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigval Bergesen d.y. [(27. april 1893–7. mai 1980). Han vart fødd i Stavanger, og er mest kjend som skipsreiar.
Bergesen starta sin karriere i faren sitt rederi i 1916. Han gjekk ut av rederiet Sigval Bergesen, og starta rederiet Sigval Bergesen d.y. & co i 1936. Under andre verdskrig fekk Bergesen eigarskap i Rosenberg Verft som var grunnlagt av faren Sigval Bergesen d.e. og Knud Zimmer i 1897. I tida etter verdskrigen vart ei rad farty bygd for rederiet på skipsverftet, fram til Rosenberg i 1970 vart seld til Kværner.
Etter at han døydde i 1980 vart det oppretta eit allmennyttig fond i Bergesen og kona hans sitt namn – Sigval Bergesens d.y. og Hustru Nanki´s Almennyttige Stiftelse.

