Sima Qian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Måleri av Sima Qian.

Sima Qian[1] (ca. 145 f.Kr.-86 f.Kr.) var ein kinesisk historikar og vitskapsmann under Han-dynastiet. Verket hans Shiji ('Historiske nedteikningar'), som dekker to tusenår, er rekna som byrjinga på kinesisk historieskriving, og det viktigaste verket om kinesisk historie fram til slutten av 100-talet.

Teikning av Sima Qian ved museet i Lushan.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Sima Qian var fødd i Longmen (nær Hancheng) i Shaanxi. Far hans, Sima Tan, var astrolog og historikar under keisar Wudi av Han. Han gav sonen ei grundig opplæring i gamle kinesiske skrifter, og byrja det omfattande historieverket sonen skulle fullføra.

Frå tjueårsalderen reiste Sima Qian rundt i riket for å samla førstehandskjelder til verket, stadfesta soger og vitja gamle minnesmerke, som gravene til kongane Yu og Shun. Han vitja mellom anna Shandong, Yunnan, Hebei, Zhejiang, Jiangsu, Jiangxi og Hunan.

Då han vende tilbake fekk han ei stilling ved hoffet. I 111 f.Kr. reiste han med ein militærekspedisjon til Sørvestkina, og i 110 f.Kr. vitja han Tai-fjellet der keisaren heldt eit offer. Dette året døydde Sima Tan, og på dødsleiet fekk faren sonen til å lova at han skulle fullføra arbeidet han hadde byrja med det kinesiske historieverket.

Etter sørgetida blei Sima Qian innsett som ny keisarleg historikar i 108 f.Kr. Han var også blant dei lærde som fekk i oppdrag å forbetra kalenderen i 105 f.Kr. I kraft av si høge stilling kunne Sima Qian gje råd til keisaren om statsspørsmål.

I 99 f.Kr. blei Sima Qian innblanda i Li Ling-saka, då han, som den einaste ved hoffet, forsvarte hærføraren Li Ling etter at denne hadde tapt og blitt teken til fange i eit hærtog. Keisaren valde å tolka forsvaret som kritikk og forræderi, og Sima Qian blei dømt til døden. For å sleppa straffa var det mogleg å betala ein stor bot eller å la seg kastrera. Sima Qian hadde ikkje pengar til å betala, og valde det siste. Han var deretter fengsla i tre år.

I staden for å ta livet sitt, slik ein ville venta av ein høgtståande lærd på denne tida etter ei slik nedverding, levde Sima Qian vidare som evnukk. Det var meir ærerikt for han å oppfylla løftet til faren, meinte han. Keisaren gav han seinare høgare stillingar igjen, og Sima Qian blei palassekretær, men levde stadig eit tilbaketrekte liv.

Shiji[endre | endre wikiteksten]

Førstesida av Shiji.

I 91 f.Kr. var historieverket Shiji fullført. Verket la grunnen for mykje etterfølgjande kinesisk litteratur, både innan historiesjangeren og annan prosa. Verket skil seg ut på fleire måter. Det er det første kinesiske forsøket på å skriva ei samanfatta heile den menneskelege historia, og tek for seg historia frå «Den gule keisaren», som ifølge soga levde på 2600-talet f.Kr., til Sima Qian si samtid på 100-talet f.Kr.

Sidan det ikkje er eit offisielt verk, kunne historikaren forlata den keisarsentrerte krøniketradisjonen og ta for seg andre folk, som bandittar og kjøpmenn. Han kunne også vera kritisk mot sin eigen keisar. Shiji er skrive på 130 rullar (i dag kalla kapittel) som har ulike tema, som religion, økonomi, musikk, kalendrar, men også annalar, krøniker og lengre biografiar. Den tematiske oppbygginga skil seg dermed frå typiske vestlege historieverk, som gjerne er kronologiske og forteljande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. kinesisk skrift 司马迁, transliterert Sīmǎ Qiān i pinyin, Ssu-ma Ch’ien i Wade-Giles

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sima Qian
Wikisource

Originaltekst av Sima Qian ved Wikisource (zh).

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Joseph Roe Allen III: Chinese Texts: Narrative Records of the Historian
  • W.G. Beasley og E.G. Pulleyblank: Historians of China and Japan. New York: Oxford University Press, 1961
  • Stephen W. Durrant: The Cloudy Mirror: Tension and Conflict in the Writing of Sima Qian, Albany, NY: State University of New York Press, 1995, ISBN 0-7914-2655-6
  • Grant Ricardo Hardy: Objectivity and Interpretation in the "Shi Chi", Yale University, 1988
  • Grant Ricardo Hardy: Words of Bronze and Bamboo, New York: Colombia University Press, 1999, ISBN 0-231-11304-8
  • Fritz-Heiner Mutschler: «Tacitus und Sima Qian. Eine Annäherung», i: Philologus 150, 2006
  • Fritz-Heiner Mutschler: «Tacitus und Sima Qian. Persönliche Erfahrung und historiographische Perspektive«», in: Philologus 151, 2007, 127-152
  • Fritz-Heiner Mutschler: «Sima Qian and his Western Colleagues: On Possible Categories of Description», i: History and Theory 46, 2007, 194-200
  • Burton Watson: Ssuma-Ch'ien: Grand Historian of China, New York: Columbia University Press, 1958
  • Yang Hsien-yi og Gladys Yang: Records of the Historians. Hong Kong: Commercial Press, 1974