Sirenuse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sirenuse er øyar utanfor Amalfikysten i Italia, nær Positano og Capri. Namnet Sirenuse viser til sirenene som visstnok budde her. Øygruppa består av tre øyar, Gallo Lungo, La Castelluccia og La Rotonda. Nærare kysten ligg ei mindre fjerdeøy kalla Vetara.

Dei mest kjende av sirenene som skal ha budd her var Parthenope, Leucosie og Ligeia. Ei av dei spelte lyre, ei anna song og den tredje spelte fløyte. Dei vert nemnd av den greske geografen Strabo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]