Kabardino-Balkaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kabardino-Balkarskaja Respublika
Keberdej-Balker Respublike Kabarty-Malkar Respublika

Flagget til Kabardino-Balkaria
Flagget til Kabardino-Balkaria
Våpenet til Kabardino-Balkaria
Våpenet til Kabardino-Balkaria
Flagg Våpen
Kabardino-Balkaria på kartet over Russland
Hovudstad Naltsjik
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 79.

12 500 km²
0,2 %

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 60.

ca. 859 800[1] (2010)
ca. 68,8/km²

Føderalt distrikt Sørlege
Økonomisk region Nord-Kaukasus
Regionsnummer 07
Offisielt språk Russisk, kabardinsk og balkarsk
Leiar Kazbek Kokov
Nasjonalsong Nasjonalsongen til Kabardino-Balkaria
Tidssone UTC +0300

Kabardino-Balkaria (russisk Кабарди́но-Балка́рская Респу́блика, kabardisk Къэбэрдей-Балъкъэр Республикэ, balkarsk Къабарты-Малкъар Республика) er ein av republikkane i Russland, og eit russisk føderasjonssubjekt, og ligg i den nordlege delen av Kaukasus. Han vart oppretta som eit heimland for folkeslaga kabardinar og balkarar. Kabardinane held hovudsakleg til i nord, og balkarane i fjella i sør.

Republikken grensar til Stavropol kraj i nord, Nord-Ossetia i aust, Georgia i sør og Karatsjajevo-Tsjerkessia i vest.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Kabardino-Balkaria

Kabardino-Balkaria ligg ved nordskråninga til den store fjellkjeda Kaukasus. Den nordlege delen er sletteland, men i sør stig terrenget raskt opp mot fleire fjelltoppar over 5 000 meter, mellom andre Elbrus på 5 642 meter som er det høgste fjellet i Europa. Den største elva i republikken er Terek. Gjennomsnittstemperaturen på slettene ligg på -4 °C i januar og 23 °C i juli. Nedbørsmengda i området er rundt 500 mm kvart år.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Den einaste større byen er hovudstaden Naltsjik (270 400 ibuarar). Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

ProsentdDelen russarar har gått ned sidan 1950-talet - i 1959 var 38,7 % av folket i republikken etniske russarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den blå sjøen, nær Naltsjik

Kabardinane er nærskylde med adygarane og tsjerkessarane, og desse vert av og til rekna som eitt folkeslag. Balkarane er nærskylde med karatsjaiane, begge desse er tyrkiske folkeslag. Kabardinane skal ha kome til området rundt 800-talet, når balkarane kom hit er ukjend. Frå 1200-talet til 1500-talet var området skiftevis kontrollert av mongolane, Georgia, Persia og Det ottomanske riket. I 1557 inngjekk kabardinarane, som heldt til i låglandet i nord, forbund med Russland under Ivan den skrekkelege. Balkarane i fjella i sør gjorde motstand mot russisk innverknad i området. I 1774 vart Kabardia overgitt av Det ottomanske riket til Russland ved Kjutsjuk-Kajnardzji-traktaten. Balkaria vart annektert i 1827. Russarane etablerte fleire fort i området, mellom anna Naltsjik i 1818. Dagens Kabardino-Balkaria vart del av Terek-provinsen.

I mars 1918 vart Terek-provinsen erklært som Sovjetrepublikk, men kontrarevolusjonære styrkar tok over den same hausten. I januar 1919 kom området under kontroll av kontrarevolusjonære kvitegardistar under general Denikin. I mars 1920 vart det tatt av Den raude arméen, og bolsjevikane oppretta kontroll over området. I 1921 vart Den kabardinske autonome oblasten oppretta som del av Den russiske føderasjonen. I 1922 vart denne sameint med Balkaria. 5. desember 1936 fekk området status som autonom sovjetrepublikk innanfor Den russiske føderasjonen.

Under den andre verdskrigen var Kabardino-Balkaria okkupert av tyske styrkar frå oktober 1942 til mars 1943. Stalin skulda balkarane for å ha samarbeidd med tyskarane, og heile folkegruppa vart deportert til Sentral-Asia. Namnet deira vart fjerna frå republikken, som vart omdøypt til Den kabardinske autonome sovjetrepublikken. I 1957 fekk balkarane venda heim att, og det gamle namnet på republikken vart gjeninnført.

I 1991 erklærte den autonome republikken seg som ein suveren republikk innanfor Den russiske føderasjonen, og etter oppløysinga av Sovjetunionen fekk han status som eit føderasjonssubjekt. Økonomien har seinare vorte hardt ramma av krig i nærliggjande område, både i Tsjetsjenia og Sør-Ossetia. Krigen i Tsjetsjenia har ført til fleire tilfelle av uro i Kabardino-Balkaria òg, med spenning mellom den hovudsakleg muslimske befolkninga og russiske styresmakter. Den verste enkelthendinga var 13. og 14. oktober 2005, då hovudstaden Naltsjik vart angripen av opprørarar under leiing av den tsjetsjenske kommandanten Sjamil Basajev, og over 100 menneske mista livet. Utover 2000-talet spreidde den politiske uroa i Nord-Kaukasus seg meir og meir frå Tsjetsjenia til dei andre republikkane i området. Ifølgje rapportar i media vart det i 2010 gjennomført 41 terrorhandlingar i Kabardino-Balkaria, og desse førte til fire dødsfall og 53 skadde personar. Éin av desse terrorhandlingane vart utført av ein sjølvmordsbombar.[2] Desse tala omfattar ikkje dødsfall som følgje av handlingar frå regjeringsstyrkane si side.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kabardino-Balkaria