Elbrus
| Elbrus | |
| vulkan | |
|
Elbrus i mai 2008
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Kaukasus |
| høgd | 5 642 moh |
| skardhøgd | 4 710 m |
| koordinatar | |
| Vulkantype | Stratovulkan |
| Vulkanaktivtet | sovande vulkan |
| Lettast tilkomst | Enkel klatring på snø/is. |
| Førstestiging av | Khilar Khatsjirov |
| - dato | 22. juli 1829 |
Elbrus (russisk: Эльбрус) er ein fjelltopp vest i Kaukasus i Kabardino-Balkaria og Karatsjajevo-Tsjerkessia i Russland, nær grensa til Georgia. Fjellet er ein stratovulkan som har vore sovande i om lag 2 000 år, og er det høgaste fjellet i Kaukasus. Om ein reknar grensa mellom Asia og Europa langs vasskiljet i Kaukasus eller nokon stad sør for dette, så er Elbrus det høgaste fjellet i Europa. Den vestlegaste av dei to toppane på Elbrus er 5 642 meter over havet, medan austtoppen er litt lågare med 5 621 meter over havet.
Innhaldsliste |
Etymologi [endre]
Namnet Elbrus kjem av Alborz[1], som igjen kjem frå Harā Bərəzaitī, eit segnomsust fjell i persisk mytologi[1]. Harā Bərəzaitī viser tilbake til det uriranske *Harā Bṛzatī[2][1]. Harā kan tolkast som «vakt», frå den urindoeuropeiske rota *ser- «vern» [1]. I mellompersisk vart Harā Bərəzaitī til Harborz, i moderne persisk til Alborz, som er i slekt med Elbrus. [1]. Det kan vere ein samanheng mellom Elbrus og den urindoeuropeiske rota *Alba, som tyder «fjell» eller «kvit» (som i snø), som ein finn igjen i namn som Albania og Alpane.
Andre lokale namn [endre]
- Miñgi-Taw (Минги-Тау) — Evig fjell (Karatsjay-Balkar språk)
- 'Uesj'hemakhue (Ιуэщхьэмахуэ, Ошхамахо) — Lykkefjell (Adyghe språk)
- Jin-Padisjah (Джин-падишах) — eit anna tyrkisk namn
- Albar, Albors (Альбар, Альборс) — høg (irnaks)
- Ialbuzi, Jalbuz (იალბუზი, Ялбуз) — snøkledd (georgisk)
- Uryusjgljumos (Урюшглюмос) — Dag fjellet
- Kuskamaf' (Кускамафь) — Lykkefjell
- Sjat (Шат, Шат-гора)
Plassering [endre]
Elbrus ligg 20 km nord for hovudkjeda Store Kaukasus og 65 km sør-sørvest for den russiske byen Kislovodsk. Den permanente iskalotten gjev is til 22 isbrear, som igjen er kjelde til elvane Baksan, Kuban og Malka.
Historie [endre]
I antikken kjende ein fjellet som Strobilus, det latinske ordet for «kongle», som kjem av det greske ordet strobilos, som tyder «vridd lekam», eit botanisk uttrykk som skildrar forma på toppen av ein vulkan. Myta seier at Zevs kjeda fast Prometheus her, ein av titanane som stal eld hos gudane og gav det til menneska, ein klar referanse til den vulkanske historia til fjellet. Den lågare av dei to toppane vart først klatra i 1868 av Douglas Freshfield, A. W. Moore og C. C. Tucker, og den høgaste vart klatra 22. juli 1829 av Khilar Khatsjirov. Vinteren 1936 prøvde ei stor uerfaren gruppe med medlemmar frå Komsomol å nå toppen av fjellet. Det enda med mange dødsfall då dei glei på isen og ramla ned fjellsida. Tyskarane okkuperte området rundt fjellet ei kort stund under den andre verdskrigen med 10 000 soldatar av ein Gebirgsjäger-divisjon (Fjelltropp). Då Adolf Hitler fekk vite at den kommanderande offisieren av divisjonen hadde gjeve ordre om at soldatar skulle klatre til toppen av Elbrus og plante Nazi-Tyskland sitt flagg på toppen, skal han ha vorte rasande. [3]
Sovjetunionen oppfordra til klatring av Elbrus og i 1956 klatra 400 fjellklatrarar fjellet for å markere 400-årsjubileumet for innlemminga av Kabardino-Balkaria, ein Autonom Sosialistisk Sovjetrepublikk der Elbrus ligg.
Frå 1959 til 1976 vart det bygd ei kabelvogn som tar passasjerar opp til ei høgd på 3 800 meter. Det går fleire ruter opp til toppen, men den lettaste, som er fri for bresprekker går meir eller mindre direkte opp frå kabelvognstasjonen. Det er svært populært å klatre til toppen av fjellet, og det er ikkje uvanleg at opp til 100 personar om dagen prøver å nå toppen om sommaren. Om vinteren er det sjeldan klatrarar vågar seg opp på grunn av den strenge kulden og kraftige vinden. Kvart år mistar 15-30 menneske livet på veg opp Elbrus, stort sett på grunn av dårleg utstyr.[2]
Elbrus kan forvekslast med Alborz (som òg vert kalla Elburz), som er eit fjell i Iran. Dette fjellet har same namneopphav som Elbrus.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Mount Elbrus frå Engelsk Wikipedia .
Bakgrunnsstoff [endre]
- Elbrus på TierraWiki.org
- NASA Earth Observatory sine sider Mount Elbrus: [3], [4]
- Webkamera frå Elbrus
- Bilete frå Elbrus
|
|
|
|---|---|
| Asia | Mount Everest (8848 moh) |
| Sør-Amerika | Aconcagua (6962 moh) |
| Nord-Amerika | Mount McKinley (6198 moh) |
| Afrika | Kilimanjaro (5893 moh) |
| Europa | Elbrus (5642 moh) eller Mont Blanc (4810 moh) |
| Antarktis | Vinson Massif (4892 moh) |
| Oceania | Puncak Jaya (4884 moh) eller Mount Wilhelm (4509 moh) eller Mount Kosciuszko (2228 moh) |
|
|
|
|---|---|
| Sør-Amerika | * Ojos del Salado (6893 moh) |
| Afrika | * Kilimanjaro (5895 moh) |
| Europa | * Elbrus (5642 moh) |
| Nord-Amerika | * Pico de Orizaba (5636 moh) |
| Asia | * Damavand (5610 moh) |
| Oseania | * Mount Giluwe (4367 moh) |
| Antarktis | * Mount Sidley (4285 moh) |
