Skógafoss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skógafoss
Skogafoss from below.JPG
Skógafoss
Stad Det islandske høglandet
Koordinatar 63°31′47″N 19°30′50″WKoordinatar: 63°31′47″N 19°30′50″W
Type Katarakt
Totalt fall 60 m
Lengste fall 25 m
Elv Skjálfandafljót

Skógafoss er ein foss sør på Island ved klippene til den tidlegare kystlinja. Etter at havet trekte seg tilbake (i dag om lag 5 km frå Skógar) har klippene gått parallelt til kysten i hundrevis av kilometer og danna ei klar grense mellom låglandet og Det islandske høglandet.

Skógafoss er ein av dei største og vakraste fossane i landet med ei breidd på 25 meter og eit fall på 60 meter. Vatnet som driv i lufta ved fossen produserer ofte ein enkel eller dobbel regnboge i solskin. I følgje segna skal den første vikingen som slo seg ned i området, Þrasi Þórólfsson, ha vorte gravlagd i ei grotte bak fossen. Ein lokal gut skal ha funne kista mange år seinare, men klarte berre å gripe tak i ringen på sida av kista før ho forsvann igjen.

På austsida av fossen går det ein sti gjennom passet Fimmvörðuháls mellom isbreane Eyjafjallajökull og Mýrdalsjökull. Han går ned til Þórsmörk på den andre sida og held fram som den kjende Laugavegur til Landmannalaugar.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]