Det islandske høglandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det islandske høglandet sett frå fly i juli 2006

Det islandske høglandet dekkjer det meste av dei indre områda av Island. Det ligg stort sett i ei høgd over 400-500 meter og er stort sett ikkje buset. Området får lite regn eller snø og vatnet som kjem vert ikkje verande lenge på bakken. Området er derfor hovudsakleg ein ørken med grå, svart eller brun jord, lava og vulkansk oske. Eit par oaseliknande område, som Herðubreiðarlindir nær Askja ligg nær elvane.

Islendingane deler høglandet opp i:

  • Háls, som er breie fjellryggar mellom dalane, slik som den nær Langavatn nord for Borgarnes; eller
  • Heiði, som er det verkelege høglandet, slik som det langs vegen Sprengisandur.

Dei fleste av dei mange isbreane, som Vatnajökull, Langjökull og Hofsjökull, er ein del av Det islandske høglandet. Vegetasjon finn ein stort sett berre langs breelvane. Det er òg fare for jökulhlaup.

Store delar av høglandet har vulkansk aktivitet, som Landmannalaugar og området rundt Askja og Herðubreið.

Ein bil set fast i ei elv på høglandet

Høglandet kan berre kryssast om sommaren (juni til august). Resten av året er vegane stengde. Dei mest kjende vegane på høglandet er Kaldidalur, Kjölur og Sprengisandur. Dei fleste av vegane krev firhjulsdrivne køyretøy for å krysse elvane. Kjölur kan derimot nyttast av vanlege bilar og er derfor ei populær rute.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]