Skeise-VM 1947 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1947 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 15. og 16. februar 1947. 24 utøvarar frå 6 land deltok i meisterskapen, av dei 10 frå Noreg.

Lassi Parkkinen frå Finland vart verdsmeister, framom norske Sverre Farstad. Farstad var bestemann på 500 meter og 1500 m, Parkkinen på 5 000 m og Reidar Liaklev på 10 000 m.

Skeise-VM 1947[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Lassi Parkkinen  Finland 196,872
Sølv Sverre Farstad  Noreg 197,345
Bronse Åke Seyffarth  Sverige 199,175
4 Reidar Liaklev  Noreg 199,547
5 Yngvar Karlsen  Noreg 199,680
6 Henry Wahl  Noreg 200,275
7 Kalevi Laitinen  Finland 201,098
8 Ladislav Kolar  Tsjekkoslovakia 202,652

Dato: 15./16. februar 1947

Kjelder[endre | endre wikiteksten]