Skeise-VM 1951 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1951 for menn vart avvikla i Davos i Sveits helga 10. og 11. februar 1951. 31 utøvarar frå 12 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg.

Hjalmar Andersen sentralt i biletet under verdsmeisterskapen i Davos

Norske Hjalmar Andersen vart verdsmeister for andre året i rad. Han var suverent best både på 5 000 meter og 10 000 m og nærare 4 tidspoeng føre nestemann og over 5 tidspoeng føre tredjemann i meisterskapen, høvesvis Johnny Cronshey frå Storbritannia og Kornél Pajor som representerte Ungarn. Susumu Naito frå Japan vann 500-meteren med klar margin og Wim van der Voort frå Nederland 1500 m.

Skeise-VM 1951[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Hjalmar Andersen  Noreg 200,147
Sølv Johnny Cronshey  Storbritannia 204,033
Bronse Kornél Pajor  Ungarn 205,248
4 Sverre Haugli  Noreg 205,898
5 Göthe Hedlund  Sverige 206,157
6 Carl-Erik Asplund  Sverige 207,070
7 Henry Wahl  Noreg 207,282
8 Kees Broekman  Nederland 207,300

Dato: 10./11. februar 1951

Kjelder[endre | endre wikiteksten]