Skeise-VM 2009 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 2009 i firkamp vart avvikla i VikingskipetHamar helga 7. og 8. februar. 24 kvinner og like mange menn frå 14 ulike land deltok i meisterskapen.

Nederlendaren Sven Kramer vart verdsmeister for tredje gong i rad, medan tsjekkiske Martina Sáblíková vann sin fyrste verdsmeistertittel. Kramer, så vel som Sáblíková, sigra også på dei to lengste distansane. Kanadiske Denny Morrison gjekk fortast av alle på 500 meter, det same gjorde norske Håvard Bøkko på 1500 meter. I kvinne-klassa vann Christine Nesbitt frå Canada på 500-meteren og landskvinna Kristina Groves 1500-meteren.

Dei norske deltakarane vart nummer 2 Håvard Bøkko, 9 Sverre Haugli, 10 Maren Haugli og 21 Øystein Grødum.

Skeise-VM 2009[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Sven Kramer  Nederland 147,567
Sølv Håvard Bøkko  Noreg 148,077
Bronse Enrico Fabris  Italia 149,469
4 Wouter Olde Heuvel  Nederland 150,636
5 Trevor Marsicano  USA 150,980
6 Chad Hedrick  USA 151,639
7 Denny Morrison  Canada 152,215
8 Ivan Skobrev  Russland 152,696
9 Sverre Haugli  Noreg 152,890
10 Tom Prinsen  Nederland 153,328
11 Carl Verheijen  Nederland 153,679

Dato: 7.–8. februar

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Martina Sáblíková  Tsjekkia 161,616
Sølv Kristina Groves  Canada 162,264
Bronse Ireen Wüst  Nederland 163,639
4 Masako Hozumi  Japan 163,837
5 Jorien Voorhuis  Nederland 164,241
6 Christine Nesbitt  Canada 164,246
7 Paulien van Deutekom  Nederland 164,563
8 Renate Groenewold  Nederland 164,641
9 Brittany Schussler  Canada 165,196
10 Maren Haugli  Noreg 165,781

Dato: 7.–8. februar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]