Skogsveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skogsveg i Italia.

Skogsveg er ein enkel veg som vert bygd for å henta ut tømmer som det ville vera vanskeleg eller dyrt å få fram utan veg. Ein skil ofte mellom skogsveg for traktor (samlevegar) og skogsbilveg (adkomstvegar). Tunge skogsmaskinar gjer skade på røtene til trea. Når dei tynne hårrøterne vert slitne av vert vassopptaket redusert. Eit tett nett av samlevegar fører til mindre trafikk med maskinar, og difor mindre skade på rotsystemet. I fylgje [1] er tettleiken på i Noreg på 9,5 m/ha, men Samset argumenterer for at adkomstvegtettleiken burde vera på 15 m/ha, og at samlevegtettleiken bør vera på 50 m/ha[1].

Skogsvegar for traktor er ofte korte vegar som ikkje treng å ha så høg standard. Tømmerkøyringa førgår ofte på vinteren, når det er tele i jorda, så vegane vert ofte laga av jord og grus som finst i skogsbotnen. Men vegane fører ofte til at den naturlege dreneringa i liene vert endra, noko som kan føra til at det rasar ut masse[2].

Skogsbilvegar må tola trafikk med 22 m lange tømmerbilar med masse opptil 50 tonn, så dei må ha høgare standard enn traktorvegar. Skogsbilvegar har ofte grusdekke, men om botnen er dårleg er det naudsynt å redusera akseltrykket i teleløysinga.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Skogsveg i Kreis Herford i den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen.

Landbruksdepartementet har i sine vegnormalar klassifisert skogsvegane i sju klassar:

  • Landbruksveg klasse 2: Vegar dimensjonert for stor trafikk, og som kan inngå i det offentlege vegnettet.
  • Landbruksveg klasse 3: Heilårs bilvegar
  • Landbrusveg klasse 4: Sommarbilvegar
  • Landbruksveg klasse 5: Sommarbilvegar for trafikk med køyretøy utan tilhengar
  • Landbruksveg klass 6: Vinterbilvegar
  • Landbruksveg klasse 7: Tung traktorveg
  • Landbruksveg klasse 8: Lett traktorveg

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Samset, I., Fra muskler til maskiner i skogen, Norsk skogmuseum, 2008.
  2. Fergus, T., Høydal, Ø.A., Johnsrud, T.E., Sandersen,, F. og Schanche, S., Skogsveger og skredfare - veileder, Skogbrukets Kursinstitut, 2011.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff:[endre | endre wikiteksten]