Skrukketroll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skrukketroll

Porcellio scaber and Oniscus asellus - Zalné20070205.jpg

Vitskapleg namn
Oniscidea
Utbreiing
Habitat: terrestrisk
Systematikk
Rike: Dyr
Rekkje:
Crustacea
Klasse:
Orden: Isopodar

Skrukketroll, også kalla kaffibiller, munkelus, kjellardyr og tusselus, er små krepsdyr som lever på land. I utsjånad og levevis minner dei om insekt, men er ikkje det. Skrukketroll dannar underordenen Oniscidea i ordenen Isopoda.

Dei er typisk avlange og har sju par bein. Antennene er godt synlege. Skrukketroll er gjerne blågrå og kroppen kan minna om eit skjold. Dei kan bli opptil to centimeter lange. Nokre artar kan rulla seg saman til kuler når dei kjenner seg truga.

Dei finst på mørke, fuktige stadar og kjem ofte til syne viss ein snur på steinar. Dei kan opphalda seg inne i kjellarar. Nokre artar gjer skade på dyrka plantar. Skrukketroll er for det meste aktive om natta.

Hoa held dei befrukta egga på undersida av kroppen til dei klekker.

Rundt 20 artar finst i Noreg. Mellom desse er kjellarskrukketroll og murskrukketroll.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skrukketroll
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.