Pierre André Latreille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pierre André Latreille

Pierre André Latreille (20. november 17626. februar 1833) var ein fransk entomolog. Han beskreiv ei rekkje ulike grupper, både av insekt, krepsdyr og edderkoppdyr, for første gong, og mykje av dette arbeidet er gyldig den dag i dag.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Latreille vart fødd i fattige tilhøve og vart tidleg foreldrelaus. I 1778 tok han til å studera teologi i Paris, og i 1786 vart han prestevigd. Han reiste så attende til heimstaden Brive-la-Gaillarde for å praktisera der, og brukte all fritida si på å studera insekt. I 1788 flytta han derimot til Paris og vart aktiv i vitskapsmiljøet der, og med Mémoire sur les mutilles découvertes en France, ein tekst om kvefsefamilien Mutillidae, fekk han innpass i det franske Selskapet for Naturhistorie.

I revolusjonsåra forlet han byen, og seinare vart han sett fange i Bordeaux. I 1796 publiserte han Précis des caractères génériques des insectes, disposés dans un ordre naturel i Brive.

I 1798 fekk han oppgåva å organisera dei entomologiske samlingane ved Muséum National d'Histoire Naturelle i Paris; i 1814 vart han medlem av det franske vitskapsakademiet, og i 1821 vart han slått til riddar av æreslegionen. Han var òg professor i zoologi ved veterinærskulen på Alfort nær Paris. Då Jean-Baptiste Lamarck døydde i 1830, vart han vald ut til å overta halvparten av professoratet i virvellause dyr; han fekk hovudansvaret for leddyr, medan Henri Marie Ducrotay de Blainville fekk ansvaret for blautdyr, mark, koralldyr osb.

Ei slekt krabbar, Latreillia er oppkalla etter han.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Précis des caracteres generiques des insectes, disposes dans un ordre naturel. - Paris-Brive, Prevot - F. Boudreaux XII, 3 201 [7] (1796).
  • Histoire naturelle générale et particulière des crustacés et insectes (14 vols., 1802-1805), del av C. N. S. Sonninis versjon av Buffon
  • Genera crustaceorum et insectorum, secundum ordinem naturalem ut familias disposita (4 band, 1806 i807 1807 1809)
  • Considérations sur l'ordre naturel des animaux composant les classes des crustacés, des arachnides, et des insectes (1810)
  • Les crustacés, les arachnides, les insectes: 1-653 i Georges Cuviers Le règne animal distribue d'apres son organisation, pour servir de base à l'histoire naturelle des animaux et d'introduction a l'anatomie Paris, Deterville.
  • Annales du Mus. [Cit. ex: Kirby W., Spence W. 1833. Einleitung in der Entomologie, oder Elemente der Naturgeschichte der Insecten., Bd.4: 481] (1821)
  • Med Pierre François Marie Auguste Dejean Histoire naturelle et iconographie des insectes coléoptères d'Europe Paris : Crevot, 1822. digitalisert.
  • Familles naturelles du règne animal, exposés succinctement et dans un ordre analytique (1825)
  • Cours d'entomologie (som berre kom ut i eitt band, 1831)
  • Heile seksjonen Crustacés, Arachnides, Insectes, i Georges Cuviers Règne animal
  • Ei rekkje papir i Annales du Museum, Encyclopedie méthodique, Dictionnaire classique d'histoire naturelle og andre stadar.