Skysåing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skysåing kan gjerast frå bakken, fly eller rakett (ikkje vist).

Skysåing eller seeding er ei form for vêrmodifisering, eit forsøk på å få nedbør til å falle frå skyer, ved å tilføre partiklar i lufta som fungerer som skykondensasjonskjerner eller iskjerner, som endrar dei mikrofysiske prosessane i skya. Målet er vanlegvis å auke nedbørsmengda (regn eller snø), men det vert òg nytta for å hindre hagl eller tåke, særleg på flyplassar.

Terpenar vert frigjeve av tre meir aktivt under varmare vêr, og fungerer som ei naturleg form for skysåing. Skyene reflekterer sollys, og tillet skogane å regulere temperaturen på denne måten.

Den mest vanlege kjemikalien som vert nytta til skysåing er sølviodid og tørris (frosen karbondioksid) heller enn salt. Flytande propan, som utvidar seg til ein gass, har òg vorte nytta. Desse kan produsere iskrystallar ved høgare temperaturar enn sølviodid. Bruken av hygroskopiske stoff, som salt, vert meir populært etter lovande forsking.

Skysåing krev at skyene inneheld underkjølt flytande vatn, altså flytande vassdropar som er kaldare enn 0 ºC. Ved å tilføre eit stoff som sølviodid, som har ein krystallstruktur liknande is, og set i gang frysing. Tørris eller propan avkjøler lufta så mykje at iskrystallane kan oppstå spontant frå vassdamp. I motsetnad til såing med sølviodid, krev ikkje denne spontane kjernedanninga eksisterande vassdropar eller partiklar, fordi dei produserer overmetta tilstandar i lufta nær såstoffet. Vassdropane trengst likevel for at iskrystallane skal kunne vekse seg store nok til å falle ut.

I skyer på midlare breiddegrader er den vanlege så-strategien basert på at likevektsvassdamptrykket er lågare over is enn over vatn. Danninga av ispartiklar i underkjølte skyer tillet desse partiklane å vekse på kostnad av flytande dropar. Om veksten er stor nok, vil desse partiklane verte tunge nok til å falle ut som nedbør frå skyer, som elles ikkje ville ha gjeve noko nedbør. Denne prosessen vert kalla statisk såing.

Såing av cumulonimbusskyer (konvektive skyer) om sommaren eller i tropiske strøk prøver å utnytte latent varme som vert frigjort ved frysing. Denne strategien med «dynamisk» såing går ut på at den ekstra latente varmen som vert frigjeven fører til auka oppdrift som fører til auka skyvekst og større sjanse for nedbør.

Skysåingskjemikalar kan verte spreidde med fly eller av apparat som står på bakken.

Ein elektronisk mekanisme vart testa i 2010, då infraraude laserpulsar vart retta mot lufta over Berlin av forskarar frå Universitetet i Geneve.[1] Ein meinte at pulsane ville føre til atmosfærisk svoveldioksid og nitrogendioksid for å danne partiklar som så kan fungere som kondensasjonskjerner.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Cloud seeding» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2011.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Vincent J Schaefer Unpublished Autobiography "Serendipity in Science: My Twenty Years at Langmuir University" 1993 & Personal communication: James M Schaefer, Ph.D. 1991.