Smólikas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Smólikas Σμόλικας |
|
|---|---|
| Høgd over havet | 2 637 moh |
| Ligg i/på | Ioánnina i Hellas |
| Fjellkjede | Pindos |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Smólikas (gresk Σμόλικας, arumensk Smolcu) er det nest høgaste fjellet i Hellas etter Ólymbos med ei høgd på 2 647 meter og det høgaste i fjellkjeda Píndos. Fjellet består av ofiolitt. Dei siste isbreane i området trekte seg tilbake for om lag 11 500 år sidan. (Hughes et al. 2006).
Fjellet er om lag 15-20 km langt frå aust til vest og om lag 10 km breitt. Elva Aóos (Vjosë) renn sørvest for fjellet. Frå toppen kan ein sjå Vóiofjella i nordaust, Lýgos i sørvest, Týmfi i sør og Grámmos i nordvest.
Næraste stader [endre]
- Ajía Paraskeví, nord
- Elévthero, sør
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Smolikas frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Hughes, P.D., Woodward, J.C., Gibbard, P.L. (2006) The last glaciers of Greece. Zeitschrift für Geomorphologie, vol. 50, p. 37-61.