Snøsildre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snøsildre


Saxifraga nivalis close-up trimmed upernavik 2007-07-02.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Saxifragales
Familie: Saxifragaceae
Slekt: Saxifraga
Art: S. nivalis
Vitskapleg namn
Saxifraga nivalis

Snøsildre er ei plante i sildrefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er kring 15 cm høg, har tjukke grovtagga rosettblad med hår som oftast er purpurfarga på undersida. Stengelen har korte krusa hår, ofte litt raudfarga. Langspisse kapselhorn som vender oppover eller utover. Blømer kring juli månad i berg og knusar, mest til fjells, men stundom i låglandet i stup og kløfter. Kan finnast over heile Noreg. Funnen opp til 2250 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.