Sneppålfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sneppålfamilien


Sneppål
Sneppål

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Anguilliformes
Familie: Nemichthyidae
Vitskapleg namn
Nemichthyidae

Sneppålfamilien er ein familie ålefiskar som lever pelagisk på djupt vatn i alle verdshav. Namnet sitt har han etter «nebba» til dei ulike medlemmane, som kan likna på det ein finn hjå snipefuglane. Sneppålar er særs tynne dyr med fleire ryggvirvlar enn noko anna dyr, somme eksemplar i slekta Nemichthys har opptil 760 av dei.

Før opererte ein med to grupper sneppål: Ei gruppe med korte kjevar utan tenner og ei med langkjeva artar. I dag veit me at eksemplara med korte kjevar er kjønnsmogne hannar, medan dei med lange kjevar er hoer eller umogne hannar.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Sneppålfamilien omfattar ni artar fordelt på tre slekter. I norske farvatn er sneppål Nemichthys scolopaceus ein sjeldan gjest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Vøllestad, Leif Asbjørn: Ålefisker i Norges dyr - Fiskene 2 Cappelen 1992
  • FishBase