Ålefisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ålefisk


Europeisk ål
Europeisk ål

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Anguilliformes
Vitskapleg namn
Anguilliformes

Ålefisk er ein orden beinfisk som omfattar 740 artar fordelt på femten til tjue familiar. I norske farvatn er to artar ål og havål vanlege, medan sneppål er kjend frå spreidde observasjonar. Ålefisk er avlange og liknar slangar, og førekjem i alle verdshav. Dei fleste artane er botnlevande rovfisk.

«Ål»-omgrepet vert òg nytta generelt om avlange, slangeforma fisk. Døme på dette kan vera slimål og elektrisk ål.

[endre] Kjenneteikn

Ålefisk har avlange kroppar og manglar bukfinner. Dei artane som har brystfinner har desse relativt langt oppe på sida av kroppen. Rygg- og gattfinna flyt over i halefinna, som anten er utan stråler eller manglar fullstendig. Dei fleste ålefisk har smale gjelleopningar og manglar skjel. Alle artane har symjeblære.

Det er stor variasjon innanfor ordenen når det kjem til storleik, somme artar vert om lag 10 cm lange, medan andre kan veksa seg opp til 3 meter.

Ålelarver er flattrykt frå sidene og vert kalla leptocephalus. Denne er gjennomsiktig, fordi han manglar raude blodceller.

[endre] Kjelder

  • Vøllestad, Leif Asbjørn: «Ålefisker» i Norges dyr, Cappelen 1992
  • FishBase
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk