Sokobanjska Moravica
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Sokobanjska Moravica (Сокобањска Моравица) | ||
|
|
||
| Utspring | Fjellet Devica | |
| Munning | Južna Morava ved Aleksinac | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 58 km | |
| Nedslagsfelt | 606 km² | |
Sokobanjska Moravica eller berre Moravica (serbisk Сокобањска Моравица eller Моравица) er ei elv sentralt i det austlege Serbia og ei 58 km lang sideelv til Južna Morava.
Sokobanjska Moravica spring ut frå austsida av Devica nær landsbyen Skrobnica. Ved landsbyen Bovan er det bygd ei demning over elv, som eit ledd i reguleringa av Velika Morava. Den kuntige Bovansjøen har dekka Bovankløfta med vatn og er ein populær regional turistdestinasjon. Elva munnar ut i Južna Morava ved byen Aleksinac.
Sokobanjska Moravica høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og drenerer eit område på 606 km².
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sokobanjska Moravica» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6