Južna Morava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Južna Morava (Јужна Морава)
Utspring Nær Skopska Crna Gora i Makedonia
Munning Veliki Morava ved Stalać i Serbia
Land i nedslagsfelt Flag of Serbia.svg Serbia, Flag of Kosovo.svg Kosovo,
Flag of Bulgaria.svg Bulgaria, Flag of Macedonia.svg Makedonia
Lengd 295 km
Middelvassføring 100 m³/s
Nedslagsfelt 15 469 km²

Južna Morava (serbisk og makedonsk Јужна Морава, 'Sør-Morava') er ei elv i Republikken Makedonia, Kosovo og Serbia og ei av kjeldeelvane til Veliki Morava (Store Morava). Elva er 295 km lang og renn hovudsakleg nordover, frå Makedonia, gjennom Kosovo til det sentrale Serbia, der ho møter Zapdana Morava (Vest-Morava) ved Stalać og dannar Veliki Morava.

Ho spring ut i fjellet Skopska Crna Gora i Makedonia, nord for hovudstaden Skopje. Etter ho kryssar grensa til Kosovo vert ho kalla Binačka Morava. Etter 49 km møter ho Preševska Moravica ved Bujanovac og resten av elva (246 km) vert kalla Južna Morava.

Elva sitt nedslagsfelt høyrer til Svartehavet og ho drenerer eit område på 15 469 km², av dette 1237 km² i Bulgaria (via sideelva Nišava). Ved munningen har ho ei middelvassføring på 100 m³/s.

Južna Morava renn gjennom ein dal som består av ei rekkje kløfter og søkk.

Sør-Morava i Moravac.

Južna Morava brukte å vere 318 km lang, men etter store flaumar har elva danna seg nye elveleier og er i dag nesten 30 km kortare, og er i dag kortare enn Zapadna Morava.

Južna Morava har 157 sideelvar. Dei viktigaste av desse er Jablanica, Veternica, Pusta og Toplica frå venstre og Vrla, Vlasina, Nišava (den lengste) og Sokobanjska Moravica frå høgre.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Elvar har eit stort potensial for straumproduksjon, men dette er ikkje nytta i dag. Det finst likevel vasskraftverk i nedslagsfeltet hennar. Noko av vatnet vert nytta til vatning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]