Sperkhiós

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sperkhiós (gresk Σπερχειός) er ei elv i Sentral-Hellas. Elva har sitt utspring i periferieininga Evrytanía i Panetolikófjella og renn nordaustover frå nær Megálo Khorió og inn i Karpenísi, sør for Tymfristós og inn i prefekturet Fthiótida gjennom Ájos Jeórjos Tymfristoú og Makrakómi. Elva renn så ut på ei slette og vidare sør for Lamía, der Sperkhiós går gjennom eit myr- og våtmarksområde før ho munnar ut i Maliábukta.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]