Steinbitfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steinbitfamilien


Gråsteinbit i akvarium
Gråsteinbit i akvarium

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Perciformes
Familie: Anarhichadidae
Vitskapleg namn
Anarhichadidae

Steinbitfamilien (Anarhichadidae) er ein familie piggfinnefisk som består av avlange fisk med kraftig kropp og særleg sterke kjevar som òg har gjeve gruppa namnet sitt. Steinbitane er utbreidde nord i Stillehavet og Atlanterhavet. I norske farvatn lever tre artar (av totalt fem);gråsteinbit, flekksteinbit og blåsteinbit.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Steinbitar er store og kraftige fisk med runde hovud og avlang kropp som er delvis flattrykt frå sidene. Ryggfinnen går over heile ryggen, og består utelukkande av mjuke finnestrålar. Det er som regel eit kort opphald mellom hale- og ryggfinnen hjå dei fleste artane, berre hjå Anarrhichthys ocellatus heng dei saman. Bukfinnane manglar, medan brystfinnane er runde og sit langt framme på hovudet. Dei har harde og skarpe tenner både i kjeften og i svelget.

Dei største steinbitane kan bli opptil 2,5 meter lange. I norske farvatn er maksimallengda rundt 180 cm.

Fiskane i familien er botnlevande, og lever som regel av muslingar, kråkebollar og krabbar som dei nyttar dei kraftige kjevane sine til å knusa. Store eksemplar tek òg mykje fisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gjøsæter, Jakob: «Piggfinnefisker» i Norges dyr, Cappelen 1992
  • FishBase