Stian Heimlund Skjæveland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rogalandsmålaren Stian Heimlund Skjæveland.
Foto: Bjørn Vervik, 2012

Stian Heimlund Skjæveland (fødd 19. november 1973 i Stavanger) er ein norsk figurativ kunstmålar og teiknar.

Heimlund Skjæveland er utdanna ved Kunstskolen i Bergen (KiB), Merkantilt Institutt (MI) avd. Bergen, og Tegne- og maleskolen i Bergen. Han har arbeidd som biletkunstnar sidan 1995 og driv eige galleri, Galleri Skjæveland i Jørpeland by, der han voks opp og er busett. [1]

Stian Heimlund Skjæveland har blant anna laga narrative landskapsmotiv og figurkomposisjonar i olje.[1] I kunsten sin hentar han blant anna inspirasjon frå Ryfylke og spenninga mellom lys og mørke, såkalla chiaroscuro.[1] Av inspirasjonskjelder kan Rembrandt, Lars Hertervig og Lucian Freud nemnast.

Utstillingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Biletkunstnaren har hatt fleire separat- og kollektivutstillingar og har blant anna dekorert Ordførarens kontor og kommunestyresalen i Strand kommune.

  • Galleri Loyd - separatutstilling, Oslo[2][3]
  • Galleri OS - separatutstilling, Sandnes
  • Ryfylkeutstillinga - kollektivutstilling, Strand, Forsand, Hjelmeland, Suldal, Finnøy
  • Spinneriet - kollektivutstilling, Hjelmeland
  • Galleri Skjæveland - permanentutstilling, Jørpeland

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Tor Inge Jøssang (24. oktober 2007). Galleriet ved brygga. Stavanger Aftenblad. Vitja 16. april 2008.
  2. Galleri Loyd f.o.m 01.11 - t.o.m. 03.12 «Separatutstillinger: […] Heimlund Skjæveland «Dreams» […]»
  3. Oslopuls I Balders gate 11 på Frogner har nok et galleri åpnet. Galleri Lloyd ligger i et eget hus på 200 kvm, og skal ifølge gallerist Roger Loyd «vise mest mulig av kvaliteten som vi finner i mangfoldet innen norsk og internasjonal samtidskunst». Blant de første separatutstillerne er Kari Middelthon, Hannu Konttinen, Heimlund Skjæveland og Rita Lie

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]