Lars Hertervig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lars Hertervig (truleg) måla av Niels Bjørnsen Møller i 1851.

Lars Hertervig (16. februar 18306. januar 1902) var ein norsk kunstmålar. Han vart fødd i 1830Borgøy i Tysvær kommune, men voks for det meste opp i Stavanger, der han seinare døydde. Hertervig var plaga av sinnslidingar heile livet, noko som gjorde han fattig og ukjend som målar. Kunsten hans er blitt gjenoppdaga i moderne tid, og har inspirert ei rekke samtidskunstnarar. Det er særleg naturskildringar frå Ryfylke kunstnaren er kjend for.

Skogtjern
Oljemåleri frå 1865.

Hertervig drog til akademiet i Düsseldorf i 1852 for å gå i lære hjå Hans Gude. Etter berre to år som kunststudent måtte han avbryta studia og flytta tilbake til Stavanger-området på grunn av mentale plager, truleg schizofreni. Verken ein sjøtur til Middelhavet eller eit opphald på Gaustad asyl kunne lækja han.

Hertervig henta motiva sine frå fjord og skog i stavangerområdet. Arbeida hans frå 1860-åra er særleg merkte av sjukdommen hans. Trea har forvilla, fantastiske former, klippene og skyene har ofte blokkaktige former.

Dei siste tretti åra av livet sleit Hertervig med dårleg økonomi og hadde ikkje lenger råd til å måla med olje på lerret. Frå denne perioden er det arbeid utført med akvarell og gouache på papir som ikkje var laga for slike arbeid. I nokre bilete bygde han opp arbeida av fleire lag og papirbitar som er limt saman med heimelaga rugmjølsklister.

Hertervig døydde i Stavanger som fattiglem. Det endelege gjennombrotet hans kan seiast å ha kome på den store jubileumsutstillinga i Christiania i 1914, fyrst 12 år etter han var daud.

Det finst få eller ingen portrett av Hertervig. Eitt kan vera måla av Niels Bjørnsen Møller i 1851, då båe studerte ved Christiania Tegneskole. Det vert òg hevda at Hertervig teikna eit sjølvportrett. Det er heller ikkje verifisert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lars Hertervig

Litteratur[endre | endre wikiteksten]