Stjórn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei side frå Stjórn.

Stjórn er ei gammalnorsk omsetjing av den fyrste delen av Bibelen (delar av Det gamle testamentet). Omsetjinga blei truleg utført ved hoffet til Håkon V Magnusson, som regjerte frå 1299 til 1319. Ho byggjer på den latinske Vulgata-Bibelen.[1]

Omsetjinga går frå Fyrste mosebok til Andre Kongebok. Namnet Stjórn, som betyr 'styring', var ikkje knytt til verket frå byrjinga av, men blei introdusert på 1500- eller 1600-talet. Det viser truleg til Gud si styring over verda, og/eller kongar si styring over landet.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Stjórn inneheld omsetjingar av desse bibelbøkene:

Boka inneheld også eit forord, kommentarar til bibelstoffet, preiker og ein del geografisk og naturhistorisk stoff.[1]

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Stjórn er bevart i eit par manuskript, både heile og i delar. Desse er:

  • AM 226 fol., kalla A, truleg skrive i Helgafellsklaustur 1350-1370.
  • AM 225 fol., er kopi af AM 226 frå rundt 1400
  • AM 227 fol., kalla B – manglar ein del. Skálholtskirkja eigde denne boka.
  • AM 228 fol., kalla C, manglar store delar.
  • AM 229 fol. I, II og III, delar frå tre manuskript.
  • NRA – Hjå Riksarkivet i Oslo er delar av to pergamentsblad bevarte.

I 2009 blei Stjórn gitt ut i ny utgåve av Riksarkivet ved Reidar Astås.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Astås, Reidar (24. januar 2023). «Stjórn». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Hans Christian Moen: Livsverk om de aller første biblene. Artikkel i Tønsberg Blad 5. desember 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]