Femte mosebok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Femte Mosebok er den femte boka i Mosebøkene eller Toráen, og dermed den femte boka i den samaritanske og jødiske Toráen, den femte boka i den jødiske Tanákh (den hebraiske Bibelen) og den femte boka i det kristne Gamle testamentet.

Boka er samansett av fleire talar heldt av Moses til israelittane på slutten av ørkenvandringa. Desse talane inneheld svært spesifikke lovar, forbod og påbod for det israelske folket, inkludert eit oppatt-tak av dei ti boda. Dessutan inneheld dei den jødiske truvedkjenninga, Sjemá‘ Jisraél, og eit tilbakeblikk på kva som har skjedd med jødane opp til denne tida.

Oversyn over 5. Mosebok[endre | endre wikiteksten]

  • 1–4 Innleiing, tilbakeblikk over ørkenvandringa.
  • 5–11 Generelle, formanande ord (paranese), Dei ti boda (dekalogen) (5), Sjemá (6,4ff)
  • 12–26 Lover og føresegner (kasuistisk), kultsentrering (12), historiske credo (26)
  • 27–34 Forbanningar og velsigningar, Mosessongen (32), Mosevelsigninga (33)

Døme på spesifikke forbod og påbod frå Femte mosebok[endre | endre wikiteksten]

  • 14:9–10
    Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, kan de eta. Men de må ikkje eta noko av det som ikkje har finnar og skjel. Det skal de halda for ureint.
  • 19:14
    Du skal ikkje flytta merkesteinane mellom deg og grannen din, dei som fedrane har reist på den jorda du får i arv i det landet Herren din Gud lèt deg ta i eige.
  • 21:1–4
    Når nokon finn ein mann som ligg drepen på marka i det landet Herren din Gud lèt deg få i eige, og ingen veit kven som har slege han i hel, skal dei eldste og domarane dine gå ut og mæla kor langt det er frå den drepne til dei byane som ligg der ikring. Og dei eldste i den byen som ligg nærast den drepne, skal ta ei kvige som ikkje har vore brukt til arbeid og aldri har hatt åk på seg, og leia henne ned i ein dal der det alltid renn vatn, og der det korkje vert pløgt eller sått. Der i dalen skal dei bryta nakken på kviga.