Stjerna Vega

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vega (Alpha Lyrae) er den sterkaste stjerna i stjernebiletet Lyra. Ho er òg den femte sterkaste stjerna på stjernehimmelen, målt etter tilsynelatande lysstyrke. Stjerna ligg om lag 25 lysår frå sola, altså nokså nært.

Vega var den første stjerna som blei fotografert, i 1850, og i 1872 blei ho den første stjerna som ein tok bilde av spekteret til.

Namnet Vega kjem frå det arabiske ordet waqi, «fallande», frå uttrykket an-nasr al-wāqi‘ (نسر الواقع) som tyder «den fallande ørna».

Andre namn på stjerne er akkadisk tir-anna, «himmelliv», babylonsk dilgan, «lysbodberaren», kinesisk zhi nü, vevaren, sanskrit abhidjit, sigrande. Romarane kalde henne berre fidis, lyre, eller lyrestjerna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]