Kvit nykkerose
Kvit nykkerose | |
Kvit nykkerose | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Kvit nykkerose | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nymphaeales |
Familie: | Nymphaeaceae |
Underfamilie: | Nymphaeoideae |
Slekt: | Nymphaea |
Art: | Kvit nykkerose N. alba |
Vitskapleg namn | |
Nymphaea alba |
Kvit nykkerose (latin Nymphaea alba ssp. alba) er ei fleiråreg vassplante. Kvit nykkerose trivst både i næringsrikt og næringsfattig vatn, og lev både i elvar og i stilleståande vatn.
Kvit nykkerose er fylkesblome for Buskerud, samt kommuneblom for Fjaler, Hof og Iveland kommunar.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Kvit nykkerose har runde, blankt grøne blad som ofte kan ha eit raudleg skjer, særleg på undersida. Mot bladkanten dannar bladnervene eit nettverk. Blomane er store, og flyt i vassoverflata.
Planta blomstrar frå juni til september, og har den største blomen i norsk flora med ein diameter på opp til 20 cm. Dei 12-30 kronblada er kvite og støvberarane gule; det finst òg variantar med raude kronblad. Ytst i blomen har han fire grøne begerblad. Bestøvinga er det insekt som syt for.
Jordstengelen til kvit nykkerose veks ned i botnen av sjøen. Frukta blir modna under vatn.
Underartar
[endre | endre wikiteksten]I Noreg er det to godkjende underartar av kvit nykkerose.
- kvit nykkerose (Nymphaea alba ssp. alba) har store blad med tilnærma rette nervar i bladflikane. Blomen er relativt jamnt avrunda frå skaftet og opp etter begerblada. Denne varianten har som regel heilt opne blomar med ein diameter frå 10 til 20 cm. Me finn ho på austlandet og i kyststrok nord til Lyngen i Trøndelag.
- kantnykkerose (Nymphacea alba ssp. candida) har store blad med innoverbøygde nervar i bladflikane. Blomen er oftast berre halvveges open og består av 15 til 20 kronblad. Denne forma er vanleg på austlandet.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lid, Johannes: Norsk flora (7. utgåve) Samlaget, 2005
- Fylkesblomst for Buskerud ved Botanisk hage og museum