Global raudliste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudlisting


Global raudlisteNorsk raudliste


Utrydda art Utrydda art Utrydda i vill tilstand Kritisk truga Sterkt truga Sårbar art Nær truga Truga art Livskraftig LivskraftigStatus iucn3.1.svg
Dverggås (Anser erythropus) står både på den globale og den norske raudlista.
Foto: BS Thurner Hof

Den globale raudlista er eit oversyn over plante- og dyreartar som på eit eller anna vis er trua av utrydding, er utsett for monaleg reduksjon eller er naturleg sjeldne, sett opp etter standardar utarbeidde av Verdas naturvernunion, IUCN.

Den siste globale raudlista er ført à jour i 2004. Då vart 38 047 artar vurderte i tillegg til 2 140 underartar, variantar, bestandar i vatn, og andre delbestandar. Frå alle grupper er det totalt funne 15 503 artar som må reknast som direkte trua av desse er 7 180 dyr og 8 321 plantar.

Den siste utgåva lister 784 utrydda artar etter år 1500. Det er ein auke med 18 etter år 2000. Kvart år vert eit lite tal «utrydda» artar enten oppdaga på nytt, eller dei vert klassifiserte som «utilstrekkeleg dokumentert». Så i 2002 gjekk talet på utrydda artar ned til 759, men har seinare auka igjen.

Kriteria for raudlisting[endre | endre wikiteksten]

Verdas naturvernunion (IUCN) har utarbeidd kriteria for raudlisting i kategoriar. Kategori og kriterieversjon 3.1 vart tatt i bruk frå 2001.

  • EX = Utrydda (Extinct).
    Arten eksisterer ikkje lenger.
  • EW = Utrydda i vill tilstand (Extinct in the wild)
    Vert bruka om artar som truleg er utrydda i vill tilstand, men som enno overlever i fangenskap.
  • CR = Kritisk trua (Critically Endangered)
    Artar som er direkte truga og som har 50 % risiko for å døy ut innan 10 til 100 år fram i tid.
  • EN = Sterkt truga (Endangered)
    Artar som har høg risiko for å døy ut, definert som 20 % risiko for å døy ut innan 20 til 100 år fram i tid.
  • VU = Sårbar (Vulnerable)
    Artar som er truga og har 10 % risiko for å døy ut innan 100 år.
  • NT = Nær truga (Near Threatened)
    Artar som ikkje høyrer til kategori CR, EN eller VU, men som på grunn av tilbakegang krever at ein i forvaltinga tar spesielle omsyn og tiltak.
  • LC = Livskraftig (Least concern)
    Dette er artar som ikkje er direkte truga.
  • DD = Data utilstrekkeleg (Data deficient)
    Artar som ein av ulike grunnar ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om til at ein kan vurdere truselbiletet.
  • NE = Ikkje evaluert (Not evaluated).
    Arten har av ukjende årsaker ikkje blitt evaluert/vurdert.

Den norske raudlista[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken har gjeve ut ei offisiell Norsk Raudliste 2006. Før det gav Direktoratet for naturforvalting ut nasjonal Raudliste 1998.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]