Storfjordnytt
Storfjordnytt er ei vekeavis som vert utgjeve i Valldal i Norddal kommune i Møre og Romsdal.
Målforma til avisa er nynorsk. Avisa tek mål av seg til å dekkja indre delar av Sunnmøre kring Storfjorden, og då særleg kommunane Norddal og Stordal.
Storfjordnytt vart frå 28. november 1979 utgjeve under namnet Norddal Bygdeblad. Lokalavisa for Norddal utvida seinare dekkingsområdet og endra namn til Storfjordnytt i 1989.
Storfjordnytt vert eigd av Storfjord Bladlag AS.
Opplagstal[endre | endre wikiteksten]
Utvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag
|
---|---|
2004 | 1 572 |
2005 | 1 578 |
2006 | 1 585 |
2007 | 1 586
|
2009 | 1 452 |
2010 | 1 439 |
2014 | 1 405 |
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Storfjordnytt sin nettstad
- Landslaget for Lokalaviser om Storfjordnytt Arkivert 2004-12-20 ved Wayback Machine.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.