Valldal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°19′59″N 7°20′10″E

Nedre del med Åsen, Muri og Sylte (pyramideforma toppen Ormula til venstre) sett frå fjorden.

Valldal er eit dalføre som går dei om lag 30 km frå Storfjorden på Sunnmøre og til toppen av Trollstigen. Store delar av dalføret har ein flat og lågtliggande dalbotn med god tilhøve for jordbruk, varmt og godt klima har ført til at Valldalen har god produksjon av varmekjære vekstar. Elva Valldøla renn gjennom dalen. Det skarpt avgrensa dalføret og dei bratte fjellsiden langs Storfjorden har gjort Valldalen til eit bygdelag med klar identitet. Valldal har om lag 1000 innbyggjarar. Det er gode tilhøve for friluftsliv i naturen. Valldal (eller Valdal) er også namnet på ei av dei største grendene midt i dalen.

Sylte er sentrum i Valldal, med ei av to kyrkjer i kommunen, og kommunesenter for Norddal kommune. På Sylte er det også daglegvarebutikkar og andre sentrumsfunksjonar. Strandstaden Sylte ligg nedst i Valldalen, ved Storfjorden, midtvegs mellom dei kjende reisemåla Geirangerfjorden og Trollstigen. Den nasjonale turistvegen Trollstigen-Geiranger går gjennom Valldal med Gudbrandsjuvet.[1] Valldal var også med i det tidlegare reiselivsproduktet The Golden Route. Fjørå og fjellgardane ovanfor blir administrativt ofte rekna som del av Valldal sjølv om det ikkje ligg i sjølve dalen. Vegen til Tafjord passerer i tunnel under staden der ein fjellhammar raste ut og skapte Tafjord-ulukka. Tafjord er ikkje del av Valldal. Strandgarden Linge høyrer også til Valldal. Langdal er siste garden før fjellovergangen Trollstigen.

Samferdsle og geografi[endre | endre wikiteksten]

Frå Linge kai og opp heile dalføret til Trollstigen og grense mot Rauma går fylkesveg 63 (tidlegare riksveg 63), dette er hovudvegen gjennom Valldalen. Frå Sylte går hovudvegen på austsida av elva til den kryssar elva over Uri bru, vegen kryssar igjen elva til austsida over Hoel bru. Mellom Uri bru og Hoel bru går ein mindre fylkesveg på austsida av elva forbi grendene Døving, Bjørstad, Hjelme og Heggen. Ved Alstad kryssar hovudvegen igjen elva over turistattraksjonen Gudbrandsjuvet. Ved Grønning er vegen utsett for snøskred og trafikken er om vinteren omdirigert over bruer til austsida av elva for å unngå skredfaren.

Frå Sylte går fylkesveg gjennom tunnel til Fjørå (med sideveg til fjellgardane Selboskar og Hauge) og vidare til Tafjord.

Mellom Linge og Eidsdal (Ytterdal) på sørsida av fjorden går bilferje, om sommaren tar denne ferja store delar av turisttrafikken til og frå Geiranger. Frå ferjestaden Linge går riksveg 650 vestover gjennom ei rad tunnelar mot Stordal, Sjøholt og Ålesund, om vinteren er dette einaste veg ut og inn av bygda. Trollstigvegen vart opna i 1936 og gav Valldal køyreveg heilt til hovudvegen og den nye jernbana gjennom Romsdalen. Før tunnelane mellom Linge og Liabygda var ferdige i 1975 var det ikkje heilårsveg ut av Valldalen.

I 1911 hadde Norddal kommune ikkje «hovudvegar», berre «bygdevegar». Før betongbrua ved Uri vart sett opp i 1924 var dei trebru (bjelkebru) med vel 18 meter spenn over storelva ved Uri.[2]

I Valldalen er det følgjande grender og gardar slik dei er nemnt i bygdeboka[3] og rekna frå fjorden og oppover dalen (sortert etter kva side av elva dei hovudsakleg ligg på):

Sylte med Syltefjellet (t.h.) og Syltemoa sandtak (i bakgrunnen), Muriås (t.v.) sett frå fjorden.
Fjellet Nibba med garden Uri (nede t.v.), Jamtebotn og Jamtefonna (t.h.)
Vest for elva Aust for elva
Linge
Lingås, Muriås
Muri Sylte
Berdal, Jamtegard
Uri, Valdal Døving
Myklebust Bjørstad
Omenås Hjelme
Gjerde Heggen
Berli Hoel
Rem Remset
Myren
Alstad Alstadsæter
Grønning
Grønningsæter
Høghjelle
Langdal

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Sentral del av dalføret med garden Valdal og Valdalsfonna.

Jordbruk er viktigaste næringsveg i Valldalen. Valldal er kjent for jordbær og ei jordbærplante med tre bær på kommunevåpenet til Norddal kommune. I 2002 vart det levert inn rundt 840 tonn jordbær til Valldal Grønt som er den lokale grossisten for det som vert dyrka i Valldalen. Dersom ein legg til sjølvplukking og det som blir selt direkte langs veiene og på Linge ferjekai nærmar ein seg nok rundt 900 tonn jordbær dette året.
Eit par kilometer frå Sylte (sentrum) ligg strandgardane Linge, der krigshelten frå 2. verdskrig, Martin Linge vart fødd. Her er blir det dyrka frukt og bær (eple, pære, plomme, aprikos, morell og faktisk også valnøtt).

I utmarka ligg ei rad setrar som høyrer til grendene, desse setrane er no i bruk til beiting og friluftsliv.[4] Beita i Valldalen er vidstrakte og sværte gode skreiv Helland. Det er gode setrar og vatnet frå smeltande brear held graset friskt heile sommaren. [5] Helland nemner at det i 1907 var «262 sætre benyttede» i Norddal kommune.[6]

Helland skreiv i 1911 at jordsmonnet i nedre del av Valldal er «sand og aur og noksaa skrind jord», medan de lengre oppe i dalen er «dels muldholdig sandjord, dels muldholdig lerjord» og dessuten «i de høiere liggende gaarde dyb muldjord på sand og aur». Han karakteriserte Valldalen som ei god kornbygd og skreiv at det i alle bygdene i Norddal var langt større kornavl enn ein utfrå landskapet skulle tru. I dalane er det «overalt god kornjorder» skreiv han med referanse til Hans Strøm. På dei nedste gardane ved elveosen tar avlinga ofte skade i tørre år. I tørre år var det vanleg å vatne åkrane på same måten som i Gudbrandsdalen ved hjelp av trerenner som leia vatnet frå elva.[7]

Rikeleg lauvskog gjorde at ein tidlegare selde ein god del ved til Ålesund.

Helse[endre | endre wikiteksten]

Muritunet er eit rehabilitering- og opptreningssenter, og den største private verksemda i Valldal med rundt 80 tilsette.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Nær sentrum ligg trevarefabrikk (nedlagt 2008), betongvarefabrikk og ein del mindre industriverksemder, men Valldal har ingen større industribedrifter. I Syltemoa er det stor tilgang på sand av god kvalitet og store mengder sand har blitt henta ut og selt i distriktet.

Jordbæråker i bløming

Næringshage[endre | endre wikiteksten]

I Valldal ligg også næringshagen Fjordhagen med lokale bedrifter som

  • Buholmens Byggeselskap AS
  • Gjerde Maskin AS
  • Høgtrykk AS
  • Møre og Romsdal Fylke - Prosjektleiing Kulturlandskapsprosjekt
  • Norddal kommune - Næringsavdelinga
  • Nord-Vest Revisjon AS
  • Språksmia AS
  • Turskreddaren/Holidaymaker
  • Valldal Kontor og Data ANS
  • Vitafjord AS

Reiseliv[endre | endre wikiteksten]

Del av Gudbrandsjuvet, gjel og jettegryte i Valldøla

Valldal ligg midt i turistruta mellom Trollstigen og Geiranger, og store delar av biltrafikken i tilknyting til Trollstigen og Geiranger går langs riksveg 63 gjennom dalen. Vegen over Trollstigen er vinterstengt og vert normalt opna i slutten av mai. Etterkvart har det dukka opp tilbod for både fastbuande og forbireisande, og reiselivet har utvikla seg til ei viktig næring i bygda og er i stadig vekst. Holsfossen, Gudbrandsjuvet og Skjærdsura er populære turistmål langs riksvegen. Det stupbratte Syltefjellet med Sylteormen kan ein sjå frå Sylte eller Muri. Det er god utsikt frå Heia, Syltefjellet og Åsen.

Camping[endre | endre wikiteksten]

Det er mange campingplassar og villmarkscamping i Langdalen. Campingplasser som kan nemnast i rekkefølgje etter kvart som ein køyrer oppover dalen er:

  • Muri Camping
  • Elvebakken Camping
  • Jemtegård Feriesenter
  • Uritun Camping
  • Valldal Camping
  • Skoglund Camping
  • Gjerde Camping
  • Gudbrandsjuvet Camping
  • Villmarks Camp Langdalen

Hotell[endre | endre wikiteksten]

  • Fjellro i sentrum (Sylte).

Servering[endre | endre wikiteksten]

  • Muritunet har kafé.
  • Fjellro i sentrum (Sylte).
  • Kulå serverer pizza og liknande og kan skilte med bowlingbanar.

Natur og friluftsliv[endre | endre wikiteksten]

Valldal frå fjorden med fjelltoppane (f.v.) Ormula, Litlehornet, Myklebustheia, Høgstolen, Gjerdsegga og Syltefjellet.
Fjelltoppane Brekkehornet og Gjerdsegga i Valldal.

Sjølve dalbotnen er relativt flat og stig svakt opp frå havnivå. Valldalen er omgitt av fjell på 1500-1800 meter over havet, fleire av desse alpine med spisse toppar og isbrear. Fleire ruter til Turistforeninga sine hytter i Tafjordfjella byrjar i Valldalen og følgjer lange sidedaler innover i Reinheimen. Frå Valldalen er det overgangar langs sidedaler til Stordal, Innfjorden, Romsdalen og Lesja. Frå toppen av Trollstigen (Stigrøra og Alnesreset) er det tilgang til baksida av den berømte Trollveggen i Trolltindane, samt til dei særprega toppane Bispen og Kongen ved sjølve Trollstigvegen.

Valldalen er nordvestleg grense for den nye nasjonalparken Reinheimen, og store fjellområde aust for dalen ligg innanfor nasjonalparken.[8] Sidedalar som Langfjelldalen, Veslelangdalen, Steindalen og Djupdalen ligg dels innanfor nasjonalparken, i tillegg omfattar Trollstigen landskapsvernområde resten av høgfjellet aust for Valldalen og store delar av høgfjellet vest for dalen. Storelva Valldøla fører vatn frå eit stort nedslagsfelt i fjellområda og sidedaler. Med unntak av ei lita demning i Langvatnet (og eit lite kraftverk i Holsfossen) er vassdraget ikkje regulert og har få store vatn, og har av den grunn svært varierande vassføring over året. Valldøla er eit verna vassdrag.[9]

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Valldøla som renn gjennom Valldal kan by på laksefiske dei første 10 km oppover dalen, og aurefiske frå Gudbrandsjuvet og heilt fram til Trollstigen. Turistinformasjonen sel fiskekort. Valldøla var tidlegare ei svært god lakseelv, og det vart bygd laksetrapper forbi Holsfossen og Kyrfonna for å la laksen gå heilt til Gudbrandsjuvet. Laksestamma har av mange årsaker gått sterkt tilbake dei siste 25 åra, og i 1991 vart elva reinsa med plantegifta rotenon i eit forsøk på å utrydde lakseparasitten gyrodactylus salaris.

Jakt[endre | endre wikiteksten]

Valldal har ei stor hjortestamme som kvar haust gjev god matauk for grunneigarane. Det blir også jakta på rådyr. Fjellområda mellom Valldal, Skjåk og Lesja har eigen reinsstamme som tidlegare også vart jakta frå Valldalssida. Rypejakt er mogleg øvst i dalen, jaktkort kan ein kjøpe på gardane øvst i dalen.

Valldal i historiske skrifter[endre | endre wikiteksten]

Sylte kyrkje i Valldal.

I om lag 200 år var det vesle kapellet på Døving den einaste kyrkja i Valldal. Den kjende presten og vitenskapsmannen Hans Strøm skriv i 1766 «...et lidet capel, kaldet Døvings-Capel, bestandig har staaet fra de Catholske Tider, og hidindtil nogle faa Gange om Aaret været forsynet med Prædiken og Guds Tieneste, til Bekvemmelighed for Voldalens Beboere, og især for de gamle og skrøbelige, som ikke uden altfor stor Vanskelighed kan besøge den rette Sogne-Kirke.»[10] Dette bygget i tømmer vart flytta til Sylte i 1812 og tente som kyrkje for valldalingane til dagens kyrkje vart sett opp i 1863.[11]

Snorres kongesagaer[endre | endre wikiteksten]

Valldal blir nemnt i Snorres kongesagaer, i sagaen om Olav den Heilage, om hendingar i året 1028. I denne sagaa kan ein lese om Olavs kamp med sjøormen i fjorden. Til slutt får Olav slengt den i fjellveggen av Syltefjellet. Den dag i dag kan ein sjå Sylteormen i den bratte sørvendte veggen av Syltefjellet. Rett ovanfor sentrum i Valldal, i Syltemoa, finn ein Olavsstøtta på Korsbrekka reist der Olav kvilte ei stund før han sette avgarde fram over Valldalen. I følgje tradisjonen lokalt sat Olav og såg båtane sine brenne, slik at fienden ikkje skulle kunne bruke dei, men dette er ikkje nemnt av Snorre.[12] Snorre skriv at vart reist to krossar på Syltemoa og tradisjonen med ein kross på Korsbrekka har blitt halde ved lag sidan då. Lenger framme i dalen finn ein Olavskjelda som visstnok skal ha helande effekt. Under Olav si vandring oppover dalen fekk han hjelp av folk som budde på garden Grønning for å komme seg gjennom Skjærsurda som takk for hjelpa sa Olav at kornet aldri skulle fryse, noko det i følgje bøndene heller aldri har gjort. Olavs reise gjennom Valldalen er også opphav til ei av dei eldste omtalane av seter i historiske kjelder:[13]

«No fekk kongen og dei andre seg mat, og då kongen var mett spurde han om det var noka seter i dalen ovanfor ura og nær fjellet som dei kunne vere i om natta. Men Bruse seier: ‘Her er nokre setrar som heiter Grøningane, men ingen mann kan vere der om nettene for trollskap og vonde vette, som held til der ved setra.’Kongen sa at dei skulle dra dit, og at han ville vere der på setra om natta. Ved midnattestider, då dei låg og sov, lét det så avskremmeleg stygt ute på stølen: 'Såleis brenner meg no bønene hans kong Olav,' sa dette vettet, 'å eg kan ikkje vera lenger i husa mine, og no lyt eg røma og aldri meir koma på denne stølen.'»

Snorre:Soga om Heilag Olav[14]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statens vegvesen nettside for nasjonale turistvegar http://www.nasjonaleturistveger.no/no/geiranger-trollstigen
  2. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.378.
  3. Tafjord, Leonhard (1966): Hus og heim - gard og grend. Norddal bygdebøker band II. Norddal sogenemnd.
  4. Asphjell, Turid mfl. (red): Til seters - setrar i Norddal. Valldal bygdekvinnelag, 2012.
  5. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.364.
  6. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.368.
  7. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.362.
  8. Kart og verneforskrift (nettside datert 7.08.2012) http://www.dirnat.no/content/500039975/Kart-og-verneforskrift (lest 21.09.2012)
  9. NVE Verneplan for vassdrag 100/1 Valldøla http://www.nve.no/no/Vann-og-vassdrag/verneplan/Verneplanarkiv/More-og-Romsdal-arkiv/1001-Valldola/ (lest 21.09.2012)
  10. Strøm, Hans (1766): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Kiøbenhavn, s.269-270.
  11. Hoel, Peder (1963): 'Sylte kyrkje 1863-1963'. Norddal Sokneråd.
  12. http://www.digitaltfortalt.no/show_single.aspx?art_id=110152
  13. Asphjell, Turid mfl. (red): Til seters - setrar i Norddal. Valldal bygdekvinnelag, 2012.
  14. Snorre Sturluson: Noregs kongesoger, Soga om Heilag Olav, del 179.