Strengekor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamburgsk Waldzither har ni strenger: ein enkelt basstreng (heilt til venstre) og fire kor. Han vert stemt slik : c gg c'c' e'e' g'g'
Ein sekskorig oud

Strengekor eller berre kor er to (eller særs sjeldan fleire) strengar på klimpreinstrument som er plassert tett inntil kvarandre og vert handsama som ei eining, dvs at dei vert gripe og slege an samstundes. Strengene i eit kor vert stemd i same tone, anten unisono eller i oktavavstand.

Fleirstrenga kor gjev eit større tonevolum og ein fyldigare klang enn enkeltstrenger, gjerne òg ein lett svevning.

Døme: tolvstrengs gitar[endre | endre wikiteksten]

Tolvstrengs westerngitar er både

  • dobbeltkorig: to strenger vert spelt som ei eining
  • sekskorig: har seks strengekor.

Begge dei høgaste strengene er stemd unisont, dei fire djupaste i oktav og notasjonen vert difor: Ee Aa dd' gg' h'h' e'e' .

Kora klimpreinstrument[endre | endre wikiteksten]


Klaviaturinstrument[endre | endre wikiteksten]

Òg pianoet og forgjengarane klavikord og hammarklaver har strengekor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Per Jakob Skaanes: Historien om portugisik fado, viser.no