Vihuela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vihuelaspelar måla av Girolamo dai Libri om lag 1520.

Vihuelaen er eit strengeinstrument frå renessansen med likskapar til både lutten og til renessansegitaren. Instrumentet oppstod på den iberiske halvøya, og spreidde seg derfrå til koloniane i Amerika.

Klassisk vihuela[endre | endre wikiteksten]

Under Renessansen var vihuelaen hoffa i Spania og Portugal sitt svar på lutten, som ein brukte ellers i Europa. Instrumentet er ein mindre, slankare og beinare gitar med seks strengar. Baksida er enten flat eller svakt avrunda og framsida er dekorert, med alt frå ein stilisert blome i lydhòlet til fleire intrikate mønster over heile flata.

Ein kunne spela på vihuelaen med boge, plekter eller fingrane. Dei einaste overlevande instrumenta som ein har kunna rekonstruera er dei som vart spelte på med fingrane.

Gullalder[endre | endre wikiteksten]

Luys de Milán illustrerte komposisjonane sine med ein vihuela-spelande Orfevs.

Den største vihuela-komponisten var Luys de Milán, også kalla El Maestro. Han haldt til ved hoffet til kong João III of Portugal. Utgjevinga hans frå 1536, Libro de música de vihuela de mano intitulado El maestro, inneheld tabulatur som lett kan spelast på ein moderne gitar. Luys de Narváez var ein annan kjend hoffkomponist som berre arbeidde for Carlos I av Spania.

Tilbakegang[endre | endre wikiteksten]

Barokken, med sine nye stilkrav og musikktypar, blei enden for den klassiske vihuelaen. Han vart erstatta av gitaren, som inntil då berre lågare klassar hadde brukt. Klassisk vihuela blir nå berre spelt i framføringar av musikk frå denne tida.

I Portugal såg ein ikkje utviklinga som enden på vihuelaen. Dei gav namnet hans, viola, vidare til gitaren, og utvikla dette instrumentet vidare, mellom anna som akkompagneinstrument til den vakre fado-songen.

Moderne vihuela[endre | endre wikiteksten]

Vihuelaen hadde òg spreidd seg i verda, og han vart framleis brukt i Latin-Amerika. På 1800-talet byrja musikarar der å laga sine eigne vihuelar, som er ganske forskjellige frå det gamle instrumentet, både i lyd og utsjånad. Baksida på dette instrumentet er sterkt runda, det har fem strengar og ikkje seks, og ein bruker det vanlegvis til å slå akkordar og markera rytmen med. Vihuelaen er på storleik med ein ukulele og vert brukt til mariachimusikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vihuela