Strilamål
| Strilamål | |
|---|---|
| Tala på: | Vestlandet |
| Kommune: | Nordhordland og Midhordland |
| Klassifisering: | Vestlandske målføre |
Strilamål (rettskriving, nyn.: strilemål) er den dialekta som strilane snakkar. Dei som vert kalla strilar bur på Strilelandet, som er namnet på områda omkring Bergen — hovudsakleg Nord- og Midhordland.
Innhaldsliste |
Kjenneteikn ved strilamålet [endre]
Analyse:
- Infinitivsform: a-infinitiv
- Nektingsadverb: ikkje
- R-lyden: rulle-r Såkalla skarre-r er etter kvart vorten vanleg også - særleg i den yngre generasjonen.
- Tjukk l: nei
- Palatalisering: nei
- Retroflekse konsonantar: nei
- Diftongforenkling: nei
Andre kjenneteikn:
- ll vert ofte dl: alle = adle, ein ball = ein badl, eit troll = e(i)t trødl, ei kolle = ei kådla
- nn vert ofte dn: å kunna = å kudna, å banna = badna, ei kanna = ei kadna, ei tann = ei tådn, inn = idn
- mm vert ofte bm: ein hammar = ein habmar, gammal = gabmal, å komma = å købma
- rn vert ofte dn: eit korn = e(i)t kådn, eit barn = e(i)t badn, ein bjørn = ein bjødn, eit horn = e(i)t hådn
- kj-lyden er sterk: det heiter KJøleskap, ikkje SJøleskap. 'kj'-lyden er ein såkalla affrikat som er kjenneteikna ved ein tydleg "eksplosjonsarta" overgang mellom 'k' og 'j' i motstenad til den mjuke overgangen ein finn i bergensk.
- Ikkje-forkortingar: kan ikkje = kan’kje, har ikkje = ha’kje, skal ikkje = ska’kje, sa ikkje = sa’kje osb.
- sk vert ofte ssj om det kjem ein e etterpå: vasken = vassjen, fisken = fissjen, disken = dissjen osb.
- g i 2. staving vert bytt ut med j om det kjem ein vokal etter den igjen: hagen = hajen, korgæ = korjæ, magen = majen osb. Dette gjeld berre i Nordhordland.
- gg, kk eller k i 2. staving får ein j lagd til etter desse/den. Men, berre om det kjem ein vokal (helst ein e) etter den igjen: begge = beggje, frakken = frakkjen, ein tanke = ein tankje osb. Igjen er det snakk om ein såkalla affrikat-lyd som i "ikkje"
Pronomen [endre]
| Nominativ | Akkusativ | ||
|---|---|---|---|
| Eintal | 1. person | Eg | Meg |
| 2. person | Du | Deg | |
| 3. person | Han ('an), Ho, Da | Han ('an), Ho/Henne ('ne), Da | |
| Fleirtal | 1. person | Me | Oss/Øss |
| 2. person | De | Deko eller Dåke | |
| 3. person | Dei | Dei |
Substantiv [endre]
| Døme: gut | Eintal | Fleirtal |
|---|---|---|
| Ubestemt form | Ein gut | Fleire guta' |
| Bestemt form | Den gut'n | Dei gutane eller gutana |
Merknad: Einstava hannkjønnsord som endar på ein vokal får eit tillegg av ein d i bestemt form, eintal: ein sjø -> den sjødn, ein by -> den bydn, ein sko -> den skodn osb.
| Døme: boksa | Eintal | Fleirtal |
|---|---|---|
| Ubestemt form | Ei boksa | Fleire bokse' |
| Bestemt form | Den bokso/bokså | Dei boks(e)na |
Merknad: På strilamål heiter det eigentleg ikkje boksa, men brok (ei brok, den brokjæ, fleire brøkje, dei brøkjena).
| Døme: bok | Eintal | Fleirtal |
|---|---|---|
| Ubestemt form | Ei bok | Fleire bøkje' |
| Bestemt form | Den bokjæ | Dei bøkjena |
Merknad: I strilamålet finst det både svake og sterke hokjønnssubstantiv. Dei svake endar alltid på -a i ubestemt form, eintal. I bestemt form, eintal vil dei svake hokjønnsorda anten enda på -o eller -å, alt etter kvar på Strilelandet ein kjem frå. Kommentar: Om eit svakt hokjønnsord endar på 'å' i bestemt form er det neppe strilamål. men indre midhordlandsmål - t.d. Os eller Fusa . I strilamåla vil sterke hokjønnsord alltid enda på 'æ' medan svake alltid endar på 'o'. Dette er eit av dei sikraste kjenneteikna på strilamål og som skil det frå indre midhordlandsmål som ein finn i Os og Fusa.
For einstava, sterke hokjønnssubstantiv som endar på ein vokal, vil ordet i bestemt form, eintal få eit tillegg av ein n før endinga; ei bru -> den brunæ, ei øy -> den øynæ, ei to -> den tonæ (berghylle) osb. Dette er ein såkalla hiatushindrande lyd og gjeld berre striladialektane i Nordhordland.
| Døme: hus | Eintal | Fleirtal |
|---|---|---|
| Ubestemt form | Eit/et hus | Fleire hus |
| Bestemt form | Da huse' | Dei husæ/hus(e)na |
Merknad: For alle inkjekjønnsord i bestemt form, fleirtal finst det to moglege endingar; -æ og -(e)na. Det er ofte slik at blant eldre personar nyttar ein helst -æ, og blant yngre er det helst -(e)na som er mest nytta.
Andre kjenneteikn [endre]
Strilamålet har forøvrig sterk adjektivbøying: "sjetæ", "litæ" for hokjønn i uttrykk som "ei sjetæ skjorta" og "ei litæ jenta".
Eit anna karakteristikum for strilamåla er at ein skil mellom påstad og fråstad når ein skal skildra noko som står nært (her) eller fjernt (der borte). Dette finn ein i "Denne(Dinne)/denna/detta/den her" og "Danne/danna/datta/dan dar" (tilsvarar engelsk "This" og "That"). Dette gjeld òg for fleirtalsuttrykk: "Desse/Dessi her" og "Dasse/Dassi dar" (jfr. engelsk "These" vs. "Those"). Dette er nedarva frå norrønt mål.
Ø-lyd. I strilamålet vert o-ar i norsk rettskriving, som i standarduttale vert uttala som ein å, uttala som ein slags ø. Døme på dette er ord som høve (hove/hovud), søva (sova), trødl (troll), Vøss (staden Voss), køl (kol), høl (hol) m.fl. (sjå sitat frå oljeborearbeidar under).
Døme [endre]
- «Dadn dialæktæ so adle dæi ækte strilane snakka', ænt'n dæi bur på fjædle ædle ute me' sjødn.»
- «Dæi dansa ron't i tudn te dæi vart hæilt ørne i høvena.»
- «Me sku' børa eit høl, men bøtt'n tølte da ikkje, so me måtte te me' sement.»