Strokkur

Koordinatar: 64°18′46,55″N 20°18′03,48″W / 64.30000°N 20.30000°W / 64.30000; -20.30000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

64°18′46,55″N 20°18′03,48″W / 64.30000°N 20.30000°W / 64.30000; -20.30000

Strokkur
Strokkur i utbrot

Strokkur (islandsk uttale strå-h-kur, tyder «kinne») er ein geysir i det geotermiske området i Haukadalur ved elva Hvítá på den sørvestre delen av Island, aust for Reykjavík.

Strokkur ligg berre få meter unna den mest kjente geysiren Geysir. I motsetning til Geysir, som nå er inaktiv og berre har tilfeldige utbrot med mellomrom på år, har Strokkur utbrot kvart sjette til tiande minutt. I utbrota sprutar han kokande vatn opp i ei høgde på opptil 20 meter.