Styving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Styvingar i Tibet.
Foto: Ernst Krause
Styving av piletre i Nederland.
Foto: Nat Pan

Styving er eit norsk jordbruksuttrykk, i samband med lauving. Uttrykket stammar frå småbrukVestlandet der vinterforet til sau og geit vart supplert med greiner frå lauvtre. Både ask og selje har vore nytta, avhengig av kva som voks på garden.

Treet vart kutta ned til lageleg arbeidshøgd, irekna avkorting av tjukke greiner. Treet vart ein styving. I staden for å gro ut ny stamme og tjukke greiner, voks det ut mange smågreiner. Desse kunne ein då hausta av.

Styvingen vart hausta om våren medan saft og sevje var på topp. Greinene vart kutta ned og anten liggjande på staden eller lagt fram til sauene. Fôrtilskotet er svært populært og verdifullt særleg for drektige dyr. Skikken har truleg vore meir utbreidd før, men finst framleis per 2006.

Styvingar er ofte rart forma og får «personlegdom» over tid. Kunstnerisk anlagte bønder har nok av og til sett på utforming og uttrykk som ein del av gjeremålet. Den mest kjende styvingen i norsk kunst finn ein i tresnittet Seljekall av vestlandsmålaren Nikolai Astrup.

Tidlegare vart styving eller lauving sett på som noko fattige bønder gjorde. Dette kjem og til uttrykk i eit skaldekvad av Øyvind Skaldespille som gav eit levande glimt frå kvardagslivet på Hålogaland i uårstida (ikr. 970), der det var svolt og mangel på korn rådde, og der ein måtte fôra buskapen med bjørkeblad, slik finnane (= samane) gjorde:

Kvit er jorda av snøfok,
som finnar vi inne nærer
buskap, i fjøset bunden,
med bjørkebrum midt i ein sommar

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Styving