Sveagruva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sveagruva er ei kolgruveSvalbard inst i Van MijenfjordenVest-Spitsbergen. Ved gruva finn ein den tredje største busettinga på Svalbard. Staden har kring 200 innbyggjarar. Gruvedrifta vart starta i 1917 av svenske Jernkontoret. Av dette kjem namnet Svea, på svensk Sveagruvan. Gruva vart kjøpt opp av Store Norske Spitsbergen Kulkompani i 1934. Utvinninga stoppa opp i tida 1949-1970, stogga på nytt ei tid frå 1987, men vart seinare teke opp att. Sommaren 2005 braut det ut ein større brann i gruva. Brannen vart ikkje sløkt før etter fem veker. Kostnadane for brannsløkking vart kring 700 millionar kroner.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dag Avango: Sveagruvan. Svensk gruvhantering mellan industri, diplomati och geovetenskap. Jernkontorets bergshistoriska skriftserie, skrift nr 44, Stockholm 2005. ISBN 91-974131-7-8 Omtale