Svein Alsaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svein Alsaker
Foto: Nina Aldin Thune

Svein Alsaker (fødd 11. mars 1940 i Bergen) er ein norsk offentleg tenestemann, jurist og politikar for KrF. Han vart vald inn på Stortinget frå Hordaland i 1985, og der sat han til 1993. Før det hadde han vore vararepresentant i periodane 1977–1981 og 1981–1985 og møtt fast som representant frå 1983 til 1985 for Asbjørn Haugstvedt. På Stortinget sat han mellom anna i Energi- og industrikomiteen, Finanskomiteen og Justiskomiteen, i tillegg til at han i perioden 1989–1993 var parlamentarisk nestleiar for KrF.

Av utdanning har han Bergen Handelsgymnasium frå 1959, i tillegg til at han er utdanna jurist (cand. jur.) frå Universitetet i Oslo (1964). Før han vart politikar arbeidde han mellom anna som dommarfullmektig i Hammerfest (1965–1966), politifullmektig i Vest-Finnmark (1966–1968) og Bergen (1968–1975) og statsadvokat og leiar for påtalemakta i Bergen og Hordaland (1975–1981). Han har også undervist i straffeprosess ved Universitetet i Bergen. Alsaker var fylkesmann i Finnmark frå 1993 til 1998 og har vore fylkesmann i Hordaland sidan 1998.

Han har også sete i fleire styre, mellom anna i NSB, Statskog og Statens Landbruksbank. Som ung var Svein Alsaker med på det norske landslaget i friidrett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]