Sveits i Eurovision Song Contest 1956

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 1956
Land Sveits
Offisielt Suisse
Kringkastar SRG SSR
Nasjonal uttaking
Uttaking Concours Eurovision 1956
Dato(ar) 28. april 1956
Artist(ar) 1. Lys Assia
2. Lys Assia
Song 1. «Das alte Karussell»
2. «Refrain»
Språk 1. Tysk
2. Fransk
Låtskrivar(ar) 1. George Betz-Stahl
2. Géo Voumard og Émile Gardaz
Resultat
Finalepoeng 1. N/A
2. N/A
Finaleplass 1. N/A
2. 1

Sveits, offisielt Suisse, debuterte i Eurovision Song Contest 1956 i Lugano i Sveits 24. mai 1956 med den tyskspråklege songen «Das alte Karussel» og den franskspråklege songen «Refrain», båe framførd av Lys Assia. Bidraga vart valt i den sveitsiske uttakinga, Concours Eurovision 1956. Kvart land deltok med to bidrag kvar, og det er ikkje kjend kva for poengsum eller plassering dei fekk. Av di røystgjevinga aldri vart offentleggjort kunngjorde ganske enkelt ein talsperson at Sveits hadde vunne. Tre dagar etter at Assia vart valt ut til å representere Sveits deltok ho i den vesttyske uttakinga, Schlager & Chansons, men fekk ikkje representere Vest-Tyskland. Sveits var det fyrste landet som vann same år som dei debuterte. Ein måtte vente heil til 2007, då Serbia deltok for fyrste gong som sjølvstendig stat, før det skjedde att. Sveits var óg det fyrste landet som vann same år som dei arrangerte tevlinga. Vinnaren vart kåra av ein jury bestående av to delegatar frå alle deltagerlanda, med unntak av Luxembourg, som lét delegatane frå Sveits røyste for seg. Ein kunne óg røyste på sitt eige land.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]