Sven-Åke Lundbäck
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sven-Åke Lundbäck (fødd 26. januar 1948) er ein svensk, tidlegare langrennsløpar frå Töre i Norrbotten, og seinare idrettslærar i Luleå. Han vart olympiameister på 15 km i 1972 og verdsmeister på 50 km i 1978, siste gongen gjekk han også på det svenske stafettlaget som vart verdsmeistrar.
Lundbäck vann verdscupen i langrenn 1978 og vart sesongen etter nummer tre i same. Han tevla for Bergnäsets AIK og vart svensk meister ti gongar mellom 1971 og 1978.
Innhaldsliste |
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap [endre]
- Vinter-OL 1972 i Sapporo: Gullmedalje på 15 km
- Ski-VM 1974 i Falun: Nr 4 på 50 km og nr 7 på 15 km
- Vinter-OL 1976 i Innsbruck: Nr 16 på 50 km
- Ski-VM 1978 i Lahti: Gullmedalje både på 50 km og 4x10 km stafett, samt fjerdeplassar på 15 km og 30 km
- Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Nr 8 på 50 km
Gullmedaljar i svenske meisterskap [endre]
- 1971: 30 km
- 1975: 30 km
- 1976: 15 km, 30 km og 50 km
- 1977: 30 km og 50 km
- 1978: 15 km, 30 km og 50 km
Lundbäck sigra i Vasaloppet i 1981.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Resultatoversikt hos FIS (engelsk)
Kjelder [endre]
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Sven-Åke Lundbäck» frå Wikipedia på svensk, den 17. juli 2012.