Vinter-OL 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei 13. olympiske vinterleikane
Deltakande nasjonar 37
Deltakarar 1072 (840 menn, 232 kvinner)
Øvingar 38 i 6 idrettsgreiner
Opningsseremoni 13. februar 1980
Avslutningsseremoni 24. februar 1980
Offisielt opna av Walter Mondale

Vinter-OL 1980 vart avhelde i Lake Placid i USA. Dette var andre gong leikane vart avhelde her, fyrste gong var i 1932. Sovjetunionen vart for tredje gong på rad beste nasjon, denne gongen med 10 gullmedaljar. Noreg måtte nøye seg med ein gullmedalje, men fekk i tillegg tre sølv og seks bronse. Den norske gullmedaljen vart teken av Bjørg Eva Jensen på kvinnenes 3000 meter skøyter. Det største namnet frå leikane vart Eric Heiden med fem gull av fem moglege på skøytebana.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Jan Egil Storholt, som deltok på skeiseløp.

Idrettsgreiner[endre | endre wikiteksten]

Medaljestatistikk[endre | endre wikiteksten]

Dei beste nasjonane
Plass Nasjon Gull Sølv Bronse Totalt
1 Sovjetunionen 10 6 6 22
2 DDR 9 7 7 23
3 USA 6 4 2 12
4 Austerrike 3 2 2 7
5 Sverige 2 5 3 10
6 Liechtenstein 2 2 0 4
7 Finland 1 5 3 9
8 Noreg 1 3 6 10
9 Nederland 1 2 1 4
10 Sveits 1 1 3 5