Svensk varmblods ridehest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leslie Morse frå USA, på Tip Top, ein svensk varmblods ridehest, i verdscupfinalen i dressur 2007.

Svensk varmblods ridehest, svensk varmblods eller svensk halvblods er ein svensk ridehestrase.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Avlsmålet er ein edel, korrekt og haldbar ridehest med prestasjonsinnretta lynne. Det vert også lagt vekt på gode røyrsler, rideeigenskapar og sprangevne. Det er eit mål at hesten skal kunne hevde seg i konkurransar på internasjonalt nivå. Svensk varmblods ridehest er kjent for å ha gode røyrsler, og i tysk dressurterminologi vert ordet schwedengang nytta om eit særs godt, spenstig og jordvinnande trav. Idealstorleiken er 164-170 cm i mankehøgd for hingstar og 162-168 cm i mankehøgd for hopper.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Svensk varmblods vart fyrst avla fram til bruk i kavaleriet. Grunnlaget for rasen var lokale hopper og importerte hingstar, mellom anna engelsk fullblodshest, angloarabar, hannoveranar og trakhener. Avlsforeininga for svensk varmblodsridehest (ASVH) vart skipa i 1928, og det er denne foreninga som har ansvaret for registrering og stambokføring. Både hingstar og hopper av andre raser kan framleis nyttast i avlen, men då må dei godkjennast av ASVH. Etter at bruken av hestar i militæret avtok, vart avlen retta meir inn mot konkurranseriding.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Den svenske varmblodsridehesten er utbreidd over store delar av verda.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Rasen hevdar seg sterkt internasjonalt i dressurriding, sprangriding og feltritt. I tillegg vert han mykje brukt i rideskular og som hobbyridehest. Svensk varmblods ridehest vert også brukt som politihest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]