Sverd i fjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°56′29″N 5°40′18″E Sverd i fjell er namnet på ein skulptur sett opp til minne om slaget i Hafrsfjord som samla Noreg til eitt rike. Han er laga av tre store sverd som står opp frå svaberget i Møllebukta inst i Hafrsfjord i Stavanger kommune. Sverda er laga av Fritz Røed frå Bryne, og vart avduka av Kong Olav i 1983.

Eit større sverd står for kongen som sigra, medan dei to mindre er bilete på dei tapande småkongane. Minnesmerket er også meint som eit symbol for fred. Sverda er sett ned i fjellet for at dei aldri meir skal brukast.