Sverre Magnus av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sverre Magnus (fødd 3. desember 2005 i Oslo) er prins av Noreg og det yngste barnet til kronprins Haakon Magnus av Noreg og kronprinsesse Mette-Marit av Noreg. Han er det andre barnet til kronprinsparet og det tredje til kronprinsessa.

Sverre Magnus er nummer tre i rekkja over arvingar til den norske trona, etter faren sin og systera prinsesse Ingrid Alexandra av Noreg. Han er nummer 75 i rekkja over arvingar til den britiske trona, etter far sin, men før systera prinsesse Ingrid Alexandra av Noreg.

Prins Sverre Magnus har ikkje tittelen Den Høgvørde Prinsen. Fødselsdagen til prinsen blir ikkje offisiell flaggdag, og det skal heller ikkje salutterast frå anlegga til Forsvaret ved framtidige fødselsdagar.

Sverre Magnus blei fødd på Rikshospitalet i Oslo klokka 10.45 laurdag 3. desember 2005. Han var 52 centimeter lang og vog 3944 gram. Namnet blei offentleggjort av kongen og kronprinsen i ekstraordinært statsrådSlottet måndag 5. desember 2005 klokka 09.00. Statsminister Jens Stoltenberg meldte namnet til pressa som var samla utanfor Slottet rett etter avslutta statsråd.

Titlar, tiltaleformer, dekorasjonar og våpenskjold[endre | endre wikiteksten]

Titlar og tiltaleformer[endre | endre wikiteksten]

Prins Sverre Magnus av Noreg
Royal Monogram of Prince Sverre Magnus of Norway.svg
  • 3. desember 2005–i dag: Prins Sverre Magnus av Noreg

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.