Svijaga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Svijaga | ||
| Munning | Volga | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 375 km | |
| Middelvassføring | 1590 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 16 700 km² | |
Svijaga (russisk Свияга, tatarisk: Зөя – Zöyä, tsjuvasjisk: Сĕве) er ei elv i Uljanovsk oblast og republikken Tatarstan i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 375 km lang og har eit nedslagsfelt på 16 700 km². Elva har ei middelvassføring på 1590 m³/s nær munningen.
Svijaga munnar ut i Svijagabukta i Kujbysjev-reservoaret, vest for Kazan. Ho er islagt frå november-desember til april-mai.
Byen Uljanovsk ligg ved Svijaga. I Uljanovsk er Svijaga berre nokre få få kilometer frå Volga, men samløpet er først 200 km nord for Uljanovsk.
Den russiske borga Svijazjsk frå 1551 ligg på ei øy i Svijagabukta i Kujbysjev-reservoaret.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Svijaga» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2008.