Uljanovsk oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uljanovskaja oblast
   
Flag of Ulyanovsk Oblast.png UlyanovskayaOblastGerb.jpg
Flagg Våpen
Uljanovsk oblast på kartet over Russland
Hovudstad Uljanovsk
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 62.

37 300 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 36.

ca. 1 293 000[1] (2010)
ca. 34,7/km²

Føderalt distrikt Privolzjskij (Volga)
Økonomisk region Povolzjyje
Regionsnummer 73
Offisielt språk Russisk
Guvernør Sergej Ivanovitsj Morozov
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0300

Uljanovsk oblast, (russisk Ульяновская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Uljanovsk, arealet er 37 300 km² og innbyggjartalet er 1 293 000 (2010).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Uljanovsk oblast ligg sentralt i Volga-regionen, på begge sider av elva Volga, aust i den europeiske delen av Russland. Området er ganske flatt. Volga sitt elveløp deler provinsen i to, og strekkjer seg 200 km innanfor provinsen sine grenser. Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen i januar er - 14 til -12 grader celsius, i juli + 18 til + 20 grader celsius. 28 % av arealet er skogkledd. Det er omfattande oljeutvinning i området.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Elva Volga nær byen Uljanovsk

Nesten halvparten av folket bur i byen Uljanovsk (614 800 ibuarar), nest største by er Dimitrovgrad (122 600).[1]

Den etniske samansetjinga var i 2010:[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området som i dag utgjer Uljanovsk oblast vart russisk territorium etter at tsar Ivan den grusomme nedkjempa og erobra det mongolske Kazan-khanatet i 1552. I 1648 vart byen Simbirsk, som i 1924 endra namn til Uljanovsk grunnlagd. I 1870 vart Vladimir Iljitsj Uljanov, betre kjend som Lenin, fødd her. Under den russiske revolusjonen overtok bolsjevikane makta i Simbirsk 10. desember 1917. I 1918 fall byen i dei kontrarevolusjonære kvitegardistane sine hender, men vart gjenerobra av bolsjevikane i september. Under den andre verdskrigen vart fleire offentlege funksjonar evakuerte til Uljanovsk frå Moskva og Leningrad.

Ved valet til den regionale forsamlinga i 2003 kom fire grupperingar over sperregrensa på 5 %:

12,8 % stemde mot alle (blankt).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Uljanovsk oblast