Svir
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Svir | ||
| Utspring | Onega | |
| Munning | Ladoga | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 224 km | |
| Middelvassføring | 785 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 84 400 km² | |
Svir (russisk Свирь, finsk Syväri, estisk Sviri) er ei elv i Leningrad oblast i Russland. Elva er 224 km lang og har eit nedslagsfelt på 84 400 km². Svir renn frå Onega og vestover til Ladoga, og renn dermed mellom dei to største innsjøane i Europa. Elva har ei middelvassføring på 785 m³/s og er den største elva som munnar ut i Ladoga.
Heilt sidan Peter den store knytte saman elvane Svir og Neva med Ladogakanalen har elva vore ein del av Volga-Austersjøkanalen og forløparane til denne. Det er to vasskraftverk langs Svir.
Elva passerer Alexander-Svirskij klosteret, som pleide å huse Svirlag, ein av dei mest frykta gulagane. Områda rundt elva var åstad for kraftige kampar under den finske framhaldskrigen frå 1941 til 1944.
Største sideelvar [endre]
Byar langs Svir [endre]
- Podporozje ()
- Lodejnoje Pole ()
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Лаба» frå Wikipedia på russisk, den 29. oktober 2008.