Swingdans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Swingdans eller swing er eit samnamn på fleire pardansar som blir dansa både som konkurransedans og sosial dans over store delar av verda. Swingdansen oppstod saman med swingjazzen på 1920- og 30-talet i USA. Swingdansen som internasjonalt fenomen heng særleg saman med utbreiinga av rock and roll-musikken frå 1940-talet. Nokre swingtypar er standardiserte og blir undervist på danseskular, medan andre er folkelege former som hovudsakleg blir lært gjennom sosial dans.

Grunnsteg[endre | endre wikiteksten]

Swing blir dansa til musikk i 4/4-takt. Avhengig av swingtype går grunnstega over 4, 6 eller 8 slag, dvs. 1, 1½ eller 2 takter i musikken. Normalen er at den som fører (tradisjonelt mannen) begynner med å trø på venstre fot på fyrste slag, den som blir ført begynner på høgre fot.

Gåsteg[endre | endre wikiteksten]

Gåsteg går på kvart slag i takta, vekselvis venstre og høgre fot. Ein spesiell type gåsteg er gyngesteg (eng. rock step), der ein tek eit steg (ofte bakover) på den fyrste foten på fyrste slag og så tilbake på den andre foten utan å flytte han på andre slag.

Trippelsteg[endre | endre wikiteksten]

Trippelsteg er tre steg på to taktslag slik at ein byter fot i høve til like og odde taktslag. I den originale swingdansen blir det gjort ved at ein legg inn eit kort hjelpesteg rett før det andre slaget, slik at ein trør på same fot på sjølve slaga. Dette hjelpesteget er synkopert, det vil seie at det ikkje kjem midt mellom taktslaga, men noko seinare. Synkopering er ein grunnleggjande eigenskap ved musikkforma swing: det er det sjølve uttrykket swing eigenleg viser til. Synkopering er òg karakteristisk for mykje anna musikk det blir dansa swing til, til dømes boogie woogie.

Det finst mange alternativ til trippelsteg i swingdans. Alle har det til felles at ein byter fot i høve til like og odde taktslag. Ein vanleg variant er å i praksis hoppe over det fyrste steget ved å redusere det til ei lett berøring av golvet (eng. tap) eller den andre foten, eller til eit spark i lufta. Dette inneber at ein utset vektoverføringa til andre slaget, så ein får heller ikkje noko hjelpesteg. Det kan og gjerast slik at ein tek steget på fyrste slag og anten ventar på det andre slaget eller marker det på anna vis utan å byte fot.

Swingtypar[endre | endre wikiteksten]

Lindy hop[endre | endre wikiteksten]

Lindy hop frå Swing In The Colony, California, 2005
Lindy hop frå Midtown Stomp, California, 2005

Lindy hop er den originale swingdansen som vart dansa til swingjazz. Lindy hop skal ha oppstått i Harlem i New York i 1927. Grunnstega som går over åtte slag er gå, gå, trip-pel-steg, gå, gå, trip-pel-steg. Grunnturen startar i open posisjon, ein går inn i lukka posisjon og roterer saman ein full runde medsols og endar opp i open posisjon. Lindy hop gjekk av moten saman med swingjazzen, men har sidan gjenopplivinga på 1980-talet fått ein renessanse. I dag er lindy hop ei av konkurransegreinene i swing og rock'n roll. Lindy hop blir ofte dansa til gammal eller ny swingjazz, men òg til annan musikk.

Rock'n'roll[endre | endre wikiteksten]

Med rock and roll-musikken kom rock'n'roll-dansen. Rock'n'roll har heldt fram med å utvikle seg som koreografert konkurransedans og showdans, og er no kjenneteikna av høge spark og heftig akrobatikk i form av løft, hopp og kast. Rock'n'roll i dag har lite til felles med 50-tals-swingen han har som utgangspunkt.

Boogie woogie[endre | endre wikiteksten]

Dansen boogie woogie er ein swingtype som vart utvikla som konkurransedans i Europa på 1980-talet. Førebiletet er nordamerikansk swing frå 1950-talet. Grunnstega går over seks slag slik: gå, gå, trip-pel-steg, trip-pel-steg. Kraftig fotarbeid med høge kneløft kombinert med relativt roleg overkropp er karakteristisk. Dansen er ikkje koreografert, heller ikkje i konkurransesamanheng, det vil seie at mannen fører og dansen blir til spontant i samsvar med musikken. Fyrste konkurranse i Noreg vart arrangert i 1994.

Kvifor dansen har fått namnet boogie woogie er usikkert. Sjølv om ein kan danse boogie woogie til boogie woogie-musikk, er det inga sterk kopling mellom dansen og musikksjangeren, det er vanlegare å danse til rock and roll.

Jive[endre | endre wikiteksten]

Jive er ein av latindansane innan sportsdans. Grunnstega går over seks slag: gå, gå, trip-pel-steg, trip-pel-steg. Trippelstega for den som fører går fyrst mot venstre, deretter mot høgre, for den som blir ført er det omvendt.

Folkeswing[endre | endre wikiteksten]

Folkeswing, blant nordmenn flest berre kalla swing, er ei av folkeformene for swingdans. Folkeswingen er utvikla i Noreg med utgangspunkt i amerikansk swing, og truleg under påverking av bygdedans og gammaldans. Medan både lindy hop og boogie woogie er sosiale dansar i sine miljø, er det folkeswing som er den norske «folkedansen» over alle. Folkeswing blir dansa til nesten all slags musikk, ikkje minst rock and roll og dansemusikk i danseband-tradisjonen.

Grunnstega i folkeswing går over fire slag og byggjer på trippelstega, men oftast redusert tapp-steg, tapp-steg eller liknande. Det blir òg brukt gåsteg, noko som gjer at ein ofte veklsar mellom venstre, høgre og høgre, venstre. Partnarane treng ikkje byte steg samstundes, så stega vekslar mellom å vere like og motsette. Hovudstega på slag 2 og 4 blir markert med svikt, noko som står i kontrast til mange andre swingformer, der idealet er å halde overkroppen mest mogleg i ro. Svikten korresponderer til skarptromma si utheving av slag 2 og 4 som er karakteristisk for rockemusikk. Folkeswing blir så godt som berre dansa i open posisjon, dvs. at ein held einannan i ein eller to nevar.

Sidan 1999 har folkeswing vore eiga konkurransegrein i Norges Danseforbund. Styret i greinseksjon Swing & Rock'n roll arbeider for tida (primo 2009) med å definere kva folkeswing er.

Bugg[endre | endre wikiteksten]

Bugg har sitt opphav i Sverige kan kallast den svenske folkeswingen, men har etter kvart vorte ein stor dans i Noreg. Bugg har mykje til felles med norsk folkeswing, men grunnstega er berre gåsteg: gå, gå, gå, gå. Som konkurransedans i Noreg vart bugg fram til 2007 dansa i same grein som folkeswing, men er frå 2008 skild ut som eiga grein.

Vestlandsswing[endre | endre wikiteksten]

Vestlandsswing er ei norsk folkeform med grunnsteg over seks slag. Ho er særleg knytt til ungdomslag og folke- og gammaldans-miljø.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]