T'heydinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

T'heydinn eller t'heydinne (arabisk التهيدين, romanisert al-t'haydīn, òg kalla al batt likbir og al rasm) er ei maurisk epikkform frå Mauritania. Eposet er sett saman av ei rekkje dikt, og er ei viktig litterær og kunstnarisk manifestasjon av språket hassaniya, og i 2011 blei ho lagt til UNESCO si liste over immateriell kulturarv.[1]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

T'heydinn kan sporast tilbake til 1700-talet. Eposet omfattar dusinvis av dikt som rosar gjerningane til mauriske emirar og sultanar og deler hendingar og tradisjonar som følgjer den sosiale, kulturelle og historiske utviklinga til maurane.[2] T'heydinn tek for seg samansmeltinga av dei to viktigaste elementa i det mauriske samfunnet i dag, Beni Hassan, etterkomarane til Beni Hilal som emigrerte frå den arabiske halvøya, og sanhaja, dei gamle berbarfolka i Maghreb. Epikken blir framført av griotar (kjende som eggawen på hassaniya), som er songarar som har lært kunstforma ved å etterlikna dei musikalske talenta til forfedrane sine.[3]

Griotar[endre | endre wikiteksten]

T'heydinn dannar ei munnleg historie for kvar mauriske stamme, og blir munnleg overført over generasjonar av griotane til stammen gjennom musikk og poesi. I det tradisjonelle mauriske samfunnet hadde kvar stamme sine griotar på ein gabdh, ein slags livslang årleg pensjon. Endringar i livsstil har gjort at dette ikkje lenger er tilfellet, og t'heydinn er i dag ein truga kultur. Dei fleste av griotane i dag er eldre, talet på dei minkar raskt og svært få unge viser interesse for å ta opp livsstilen som griot. Talet på griotar er i dag estimert til å vera litt over tusen menneske.[3]

Griotane tilhøyrer bestemte familiar og dannar nesten ein musikalsk kaste i Mauritania. T'heydinn-dikt er òg blitt dikta av folk som ikkje tilhøyrer slike familiar. Griotane overfører kunnskapen sin frå far til son. Faren eller ein kvalifisert slektning gjev den unge grioten ei innføring i å spela musikkinstrument og seinare til musikk og poesi. Innføringa kulminerer med framseiing og meistring av t'heydinn-arva til familien. I løpet av denne lærlingperioden følgjer lærling-utøvaren far sin til alle arrangement, seremoniar og framføringar der han kan øva og utvikla nye dugleikar på jobben. Alle griot-familiar vernar om sitt eige t'heydinn-repertoar som skil dei frå andre griot-familiar. Ein griot som kan heile eposet blir respektert av alle dei andre griotfamiliane, og blir kalla «berar av t'heydinn-eposet».[3]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

T'heydinn blir framført ved sosiale arrangement som bryllaup, forsoningsseremoniar og invitasjonar. Framseiinga av verka og musikken bidreg til å løfta tilstellinga og underhalda deltakarane. Dei viktigaste instrumenta som akkompagnerer framseiinga er tidinet, ein lutt med seks strenger, og ardin, ei harpe med tretten strenger som blir spelt for å vekja publikum. Andre musikalske element som blir brukt inkluderer tromma tbal, ululering, klapping og leppevibrasjon (tberbir).[3]

Rolle i samfunnet[endre | endre wikiteksten]

T'heydinn bidreg til å styrka sosiale band mellom griotane og stammane deira, og mellom ulike stammar. Det hyllar verdiar som ære, mot, generøsitet, ærlegdom, uthald, storsinn, moral og rettferd. Tradisjonen gjev høve for regionale stammar og familiar til å koma saman og promoterer ein kultur for sosial fred og gjensidig hjelp mellom samfunn basert på verdiane han forkynner.[4]

I dag er dei fleste griotar gamle og har sjeldan framføringar, medan talet deira minkar. Sjølv desse sjeldne framføringane gjev ikkje lenger tilstrekkelege inntekter, og mange unge griotar tar ikkje lenger opp t'heydinn som ein karriere. Dei siste åra er det oppretta nokre griot-organisasjonar med sikte på å overføra tradisjonen til den yngre generasjonen, og Det mauritanske musikkinstituttet har teke opp arbeidet med å spreia kunsten.

Mange yngre griotar i dag kan berre framføra avgrensa, forkorta versjonar av eposet. Puristar har òg peika på at den opphavlege musikalske forma til t'heydinn, faghu, i aukande grad er blitt erstatta med lettare musikalske former som liyyinn, og øydelegg det opphavlege musikalske grunnlaget. Sidan tradisjonen berre er munnleg, finst det ikkje handbøker eller katalogar av t'heydinn, noko som auker risikoen for utdøying.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Source: UNESCO Office in Dakar. «Two new African elements on the list of Intangible Cultural Heritage | United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization». Unesco.org. Henta 11. november 2012. 
  2. «More cultural heritages in peril — OneWorld South Asia». Southasia.oneworld.net. Henta 11. november 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Nomination File No. 00524 for Inscription on the List of Intangible Cultural Heritage in need of Urgent Safeguarding in 2011. UNESCO, 2011.
  4. 4,0 4,1 «UNESCO Culture Sector - Intangible Heritage - 2003 Convention :». Unesco.org. Henta 11. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]